Ord er makt, så kva betyr orda for kjønna oppfatninger av personer, grupper, gjenstandar i musea sine samlingar og utstillingar? For å finna svaret på det må me reise tilbake til tidlig 2000-talet, nærare bestemt 2002.
Då skreiv nemleg Anne Jorunn Frøyen, nå førstkonservator NMF ved Jærmuseet dei siste 25 åra, hovudfagsoppgåve som fekk namnet «Dei driftige jærbøndene».

Medan Frøyen heldt på med forskinga si oppdaga ho noko mellom dei gamle blad linjer som ikkje stemte heilt med hennar eige oppvekst.
‘Den driftige Jærbonden’ som det var så mykje snakk om var nesten alltid ein mann» fortel førstkonservator Frøyen. Men denne representasjonen stemte ikkje med hennar minner av korleis gardbrukarene frå eigen heimplass såg ut.
Frøyen, som sjølv kjem frå ei bygd i Vestland , hugsar godt korleis kvinner i hennar nærmiljø var godt synlege som gardbrukarar medan menn i regionen ofte for til havs for å fiska. Men dette gjenspeiltes ikkje i desse «Heime hos» reportasjane om bønder på Jæren frå fagbladet Bondevennen på 50-, 60- og 70-talet.
Denne observasjonen skulle danne grunnlag for foredraget «Framstilling av kvinner i landbruket» som Frøyen held på Mellombes på Bryne på den internasjonale kvinnedagen 8. mars i år.
Men kva slags framstilling er det førstekonservator NMF Frøyen tenkjer på og korleis er det relevant for musea?

Frøyen trekk fram ein spesiell «Heime hos» reportasje frå 1963 som var publisert i Bondevennen med tittelen «Stell godt med beitet» som eit eksempel på tendensen ho fann i artiklane i denne reportasjesjangaren hjå Bondenvennen i tidsperioden.

Frøyen peikar på biletet frå artikkelen og poengterer at det viser tre personar i arbeid med å pussa ein mur, nemleg ei kvinne og to menn. Men berre mennene får namn i biletteksten og sine sitat i reportasjen, fortel Frøyen og siterer:
‘Rolf og kona står for sjølve pussinga. Senior,
Reidar, blandar og hel dei med mørtel.’ – Stell godt med jorda, Bondevennen (1963)

Kona til Rolf får i denne artikkelen verken namn eller stemme. Me veit ikkje kva ho meiner, kva ho tenkjer eller korleis ho opplever arbeidet forklarar Frøyen.
Medan mennene Rolf og Reidar blir i reportasjen spurt inngåande om drift, planar og deira tankar om å driva gard, blir kvinna i denne samanhengen ein taus passiv figur som ikkje får uttala seg eller blir presentert med namn, til tross at ho er ein like stor del av gardsarbeidet som vert omtala i artikkelen.
Kona til Rolf blir redusert til fyst og fremst nettopp det, nemleg berre ‘kona til’, seier Frøyen, medan Rolf, hennar mann, er fyst og fremst bonde. Kona til Rolf, som og er bonde, blei rett og slett gjort usynleg.



Forklaring: Lilla farge = antall gonger mennene er nemnt med namn. Orange farge = antall gonger kvinna (uten namn) er nemnt i det heile tatt.
Frøyen forklarar at dette er ein gjentakande tendens ein kan sjå majoriteten av denne type reportasjar frå Bondevennen mellom 50- og 90-talet, men understrek at kvinner kjem meir til syne og får uttala seg i kraft av å vera ein bonde i større grad mot slutten av denne perioden.
Så kva har dette med museum å gjera?

Frøyen meiner korleis ein framstiller kvinner i samling og utstilling har enorm betydning for samfunnet.
«Det har vore ein tendens til at kvinner i historia har blitt betrakta som assistentar og då ved å ikkje setta namn på dei kvinnene som synast, så plasserer ein dei i skuggen og når ein plasserer nokon i skuggen så gjer man dei usynleg».
«Dersom ikkje musea er merksame på korleis kvinner har vorte skeivt framstilt i historia kan me koma i skade for å fortsetja denne praksisen og det meiner eg går i mot musea si rolle i samfunnet”.
Avedlingsdirektør tar arbeidet med kjønnsrepresentasjon vel i mot

«Problemstillinga kring kjønnsrepresentasjon gjeld også for musea og den må me ta på alvor» fortel direktør for Samling og dokumentasjon i Jærmuseet, Per Inge Bøe, før han held fram:
«Det er viktig at me som museum er bevisst på kjønnsrepresentasjon i vårt arbeid med korleis med omtaler kvinner. Dette gjeld ikkje berre i fotosamlinga vår, men også når det gjeld formidling av personhistoriar knytt til gjenstandar og korleis me framstiller kvinner i utstillingane våre gjennom tekst og bilete».
Det forskast på representasjon av kvinner i norske museum

Foto: Norsk kvinnemuseum & Museumsnettverk for kvinnehistorie. Sluttkonferanse: Kjønnets verdi i et museumshierarki – Kvinnemuseet
Takka vera nyare forsking frå blant anna Kvinnemuseet og Museumsnettverk for kvinnehistorie veit ein at musea har hatt ein tradisjon for å presentere kvinner i musea sine samlingar og utstilling annleis enn korleis menn vert presentert i norsk samfunnsliv. Kvinner får ei sekundær rolle til samanlikning med menn.
Dei som er nysgjerrige på kva kjønnede forskjellar som har dukka opp i ulike utstillingar hjå ulike norske museum kan lese rapporten: ‘En følelse av fokus: Rapport om norske museers arbied med kjønnsperspektiver i formidling og samlingsforvaltning’ (Haugen og Pedersen, 2019) frå Kvinnemuseet og Museumsnettverket for kvinnehistorie.
Samlingsforvalter med ein plan

Samlingsforvaltar i Jærmuseet, Jeanne Dalbu, jobbar med ein ny samlingsforvaltningsplan der kjønnsrepresentasjon er ein sentral del. Dalbu understrek at Jærmuseet er berre i startfasen og at ein må få gjort eit grundig arbeid før noko kan presenterast for styret og eventuelt bli vedteke. Dalbu kan likevel avsløre nokon grunnprinnsipp som ho har teke utgangspunkt i så langt.
«For det første så meiner eg at museet aktivt samla inn objekt som fyller ut tause eller underkommuniserte område. Me må også ta innover oss at dei samlingane mange norske museum har hatt, i stor grad kan vera påverka av kva slags folk som samla inn gjenstandane og kva museumsfagleg konsensus som låg til grunn på den tida».
«Kvinnemuseet og Nettverk kvinner i museumshistorie sine rapportar peiker på at norske museum ofte speglar samfunnet og kva samfunnet har vore opptekne med å løfta fram, dette gjeld også kva gjenstandar musea har teke vare på, kven desse tilhøyrar, kva personar ein løftar fram og i kva kontekst ein forteljar om ulike personar. Dette er det derfor veldig viktig at me fortset å vera bevisste på» forklarar samlingsforvaltaren.
Kjønna kategorisering

«For det tredje handlar det om måten me registrerer samlingane på. Til dømes, når me spesifiserer ‘kvinneklær’ gjennom beskrivingsord som ‘kvinneklede’, ‘kvinneuniform’, ‘kvinneundertøy’ og liknande, men ikkje har den same tilnærminga til ‘manneklær’, kan det skapa rom for at mannen blir oppfatta som norm og kvinna kan bli oppfatta som eit avvik. Så er det jo spørsmål som til døme: korleis skal ein eigentleg definere kva ein mannebukse eller kvinnebukes? Er det farge, form, mønster, tidsperiode, geografi, sosioøkonomisk status som bestemmer? Kva gjer ulike kjønna begrep frå før og korleis me oppfattar dei i dag, med forståinga av kjønn og historie? Kva kjønna perspektiv vidarefører me utan å tenkja over det?»
«Det er ein prosess og mange element å ta tak i når det gjeld dette temaet, det må byrja med sjølv-refleksjon. Berre det å anerkjenne at samlingane ikkje er representative er eit stort steg.

Dersom den nye samlingsforvaltningsplanen, som eg håpar er ferdig til sommaren, blir vedteke så er målet at dette er noko som påverkar korleis me jobbar på ein mest mogleg inkluderande praksis i åra som kjem og ikkje at det berre er eit strategidokument.
Om ein leser rapportane frå Kvinnemuseet og Museumsnettverket for kvinnehistorie så viste det seg at mange norske museum hadde gode strategiar på kjønnsrepresentasjon i sitt samlings- og formidlingsarbeid, men at dette ikkje alltid var reflektert i samling eller utstillingsarbeidet. Der håpar eg at me i Jærmuseet skal klare å skile oss ut», avsluttar Dalbu optimistisk.
Direktøren av samling og dokumentasjon er klar for vidare arbeid

“Eg er glad for at me nå er i gong med ein prosess, leia av samlingsforvaltar Jeanne Dalbu, der me skal kartlegge kva som er status når det gjeld korleis Jærmuseet sine samlingar visar fram kvinner og menn”, fortel Per Inge Bøe.
“Dette er viktig for at me som museum skal kunne gi eit bilete som reflekterer dei historiske realitetane av kvinner sitt bidrag i samfunnet, innafor dei ulike område som Jærmuseet jobbar med” forklarar Bøe, som og er tydeleg på at det ikkje handlar berre om kven, men også om korleis, kvinner vart representert i utstillingane.
Ikkje berre kven, men korleis
“Me veit jo kor mykje bruk av ord og bilete har å sei for representasjon av grupper, som igjen verkar inn på samfunnets syn på seg sjølv. Derfor er det viktig at me som driv med samlings- og formidlingsarbeid i Jærmuseet, ikkje berre tenkjer på kven som er synleg i utstillingar og samling men også korleis ein er synleg”.
Dette gjeld både dei eksisterande samlingane, men også nytilkomne bilete, gjenstandar og framtidig utstillingsarbeid» understrek Bøe.
Meir enn ein gong i året

“Til sist vil eg understreke viktigheita av å ha ei tilnærming til vårt fagfelt gjennom sjølv-refleksjon. Når det kjem til kjønnsrepresentasjoner er dette noko som me må jobba aktivt med heile året. Ikkje berre på den internasjonale kvinnedagen 8. mars”.
«Eg ser fram til å fortsette dette viktige arbeidet med kjønnsrepresentasjon i vårt museumsarbeid og vil med dette ønskje alle som går i parolar denne dagen, spesielt til kollegaer i museumssektoren, ein god kampdag», avsluttar avdelingsdirektøren.
Anne Jorunn Frøyen held foredrag på Mellombels på Bryne laurdag kveld 8. mars og har leia arbeidet med den nye utstillinga PELS, som visar fram pelsdyrnæringa på Jæren og ulike perspektiv på næringa i seg sjølv.