Besøk av kulturminister Widvey

Besøk av kulturminister og representantar frå kulturdepartmentet

Tysdag 16. september hadde me gleda av å få besøk frå kulturminister Thorhild Widvey og representantar frå kulturdepartmentet og Rogaland høyre.

Statsråden var her i samband med opninga av Norsk- olje og gass arkiv, og brukte ettermiddagen på å få eit nærare innblikk i utstillingane på Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret. Widvey fekk og presentert planane for tredje steg av det regionale vitensenteret – det maritime vitensenteret i Tungevågen. Følget fekk òg vera med ned i det nye tre- og metall magasinet på Vitengarden, kor Samlingsteam Rogaland i det siste har registrert, fotografert og digitalisert fleire tusen gjenstandar.

Ministeren viste stor begeistring for det ho fekk sjå, og avslutta dagen med å seia at ho var veldig imponert over Jærmuseet, kor flinke dei tilsette har vore til å tilpassa seg endringar – og samstundes ha fokus på framtida.

Her er eit par bilete frå besøket:

20140916_Besøk av kulturministaren201 ERB

På Vitenfabrikken fekk statsråden både fanga lysbogar med 500 000 volt, og sjå kor mykje ho var verd i gull etter dagens verdi. «Dette burde Siv Jensen ha sett», uttalte ho. Me ynskjer finansministeren velkommen!

20140916_Besøk av kulturministaren781 ERB

På Garborgsenteret fekk ministeren prøva «Strid», eit spel om bruk av media, språk og demokrati. Diktarhjulet engasjerte også, og statsråden viste lyriske evner med følgande strofe: «Ingen søv på angrande ord».

20140916 TOA (10)

 

Siste stopp var Vitengarden. Her var det først omvising inne i teknologi- og landskaputstillinga. Etterpå var det tid for å visa den nye utstillinga om energi og miljø, «SNU». Her er ordførar i Hå, Mons Skrettingland saman med statsråden framfor sjølve symbolet for utstillinga; opp-ned-treet.

Foto: Elin Ravndal Bell og Tormod Aass, Jærmuseet