Audamotlandsgarden

Eit prosjekt om endringane av ein vanleg gard på Jæren i åra frå 1850 til 1950.

Jærmuseet eig bygningar og hage til det som var Audamotlandsgarden i Hå kommune. Vi ville finne ut om endringane på museumsgarden var som i jordbruket elles på Jæren i åra frå 1850 til 1950, og sjå kva formidlingsverdi museumsgarden Audamotland har i dag.

Garden blei kjøpt av Hå kommune i 1994, og dei delte han opp. Noko gjekk til næring og er i dag ein del av industriområdet i Kviamarka. Størstedelen gjekk inn i Hanabergsmarka Kulturminne- og friluftsområdet og er i dag eit viktig rekreasjonsområde . Noko av innmarka gjekk til eit nabobruk slik at Jærmuseet eig berre ein liten del av det som var garden i 1850.

Audamotland, gard nr. 18 i Hå kommune, var eigd av kyrkja. Ola Pedersen kjøpte garden i 1849, han delte garden mellom tre søner, seinare blei det skild ut eit bureisingsbruk. Dei dyrka korn, hovudsakleg havre og utvida det dyrka arealet, det blei meir enn tredobla frå 1865 til 1939. Frukt og bærhage blei opparbeida, dei planta til ein flekk med sitkagran og furu, og sådde med nye grassortar. Gamle steingardar blei utvida og dei bygde nye. I utmarka var det tydelege spor etter uttaket av torv. Kulturlandskapet gjekk gjennom store endringar frå 1850 til 1950.

Talet på husdyr gjekk opp, talet på storfe blei mest dobla, og dei satsa i tillegg på sau og kyllingoppdrett. Utviklinga var som på dei fleste gardane på Jæren i denne perioden. Det var ein prosess som etter kvart endra Jæren. Utviklinga har halde fram slik at kulturlandskapet kring Audamotland er i dag heilt annleis enn i 1950. Lyngheilandskapet sine fargar er  erstatta av eit grønt landskap.

Prosjektet konkluderte at museumsgarden på Audamotland har ein høg formidlingsverdi. Det er eit autentisk anlegg med gode muligheiter til å formidle det førmekaniserte jordbruket på Jæren, og ikkje minst, overgangen til det moderne jordbruket vi ser rundt oss på Jæren i dag.

Prosjektet er formidla i artikkelen Landskapsendringar sett gjennom ein museumsgard på Jæren – Audamotland i Hå av Anne Jorunn Frøyen og Knut G. Austad, publisert i Heimen bind 49, 2012, side 291-302.

Dette nummer et av Heimen var eit spesialnummer for Norgesgardprosjektet, eit felles prosjekt der seks museum studerte eigne museumsgardar.

Audamotlandsgarden er også tema i to artiklar i Sjå Jæren frå 1995: Birger Lindanger «Då Øksna-Motland låg øyde. Pest og øydetid i Nærbø 1349-1600» og Målfrid Snørteland «Audamotlandsgarden», og i ein artikkel frå 2014: Anne Jorunn Frøyen og Knut G. Austad «Audamotlandsgarden, ein typisk jærgard?».