Årets julegåve!

Gled dei tilsette med eit gåvekort til jul.

Overrask med eit gåvekort frå Jærmuseet. Dette er ei gåve som passer for alle. Det kan nyttas til kjøp av inngangsbillettar, årskort, gåveartiklar i våre spanande museumsbutikkar eller til eit godt måltid frå eit av våre kjøkken.

Gåvekort kan nyttast til:

  • Årskort for foreldre eller besteforeldre.
  • Inngangsbillettar.
  • I våre butikkar og kaféar på Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret.
  • Catering frå Vitengarden og Vitenfabrikken. Me tilbyr blant anna «jærske skjever» og fleire smaksrike rettar laga på lokale råvarer etter sesong.

Populære tips frå våre butikkar:

  • Krokket eller gravemaskin laga på Åna fengesel.
  • Lokalproduserte produkt som  honning og Jærkrydder.
  • Bøker, leikar og fleire artiklar med Arne og Hulda Garborg-motiv.
  • Astronomi, kjemi- og naturfagsartiklar.
  • Lærerike eksperimentsett.

Gåvekorta kan kjøpast med valfritt beløp på Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret heilt fram til 23. desember. Dei kan og bestillast, pakkast og sendast innan 11.desember.

Årskort gjev inngang på alle våre 12 museum og vitensentre, og gjeld i eit år frå det tas i bruk. Trykk her for vårt utval av årskort.

Ta kontakt med oss på e-post post@jaermuseet.no, eller fyll inn kontaktskjema under og send inn.