Musea er opne!

Jærmuseet har museum og vitensenter i sju kommunar på Jæren. Ei stund var det ulike smitteverntiltak i dei ulike kommunane men frå og med fredag 7. mai følger alle dei nasjonale retningslinjene. Det betyr at alle musea og vitensentera har ope som normalt!

Vitenfabrikken har ope alle dagar utanom måndagar.

Vitengarden har ope alle dagar utanom laurdagar.

Garborgsenteret har ope alla dagar utanom sundagar.

Flyhistorisk Museum, Tungenes fyr, Limagarden, Grødaland, Knudaheio og Garborgheimen har ope sundagar fram mot sommarferien.

Ynskjer du ei digital oppleving? Opplev våre samlingar og utstillingar på Digitalt Museum eller sjå videosnuttar og tips til heimeeksperiment på vår YouTube-kanal.

For spørsmål, ta kontakt på post@jaermuseet.no / 477 76 020