Takk for alt, Kong Harald

Det er med stor sorg Jærmuseet mottek nyheita om H.M. Kong Harald V sin bortgang.

Jærmuseet sluttar seg til fråsegna frå Norges Museumsforbund, ved styreleiar Ole Aastad Bråten og generalsekretær Hanne K. Jakhelln.

Det er med stor sorg vi har motteke bodskapen om Hans Majestet Kong Harald V sin bortgang.

Vi minnest Kongen som ein varm, inkluderande og samlande folkekonge, som på ein svært god måte har teke vare på den norske identiteten og kulturarven.

Norges Museumsforbund takkar for den enorme interessa Kongen har vist for norske museum, for alle opningane han har stått for, og for dei mange musea han har vitja. Det har vi sett stor pris på.

Tankane våre går til Hennar Majestet Dronninga, kongefamilien og heile det norske folket.

Direktør, Jærmuseet
Atle Fiskå