Skal du feriere på Jæren i haustferien eller bur du her og får besøk som du gjerne vil ta med ut på noko gildt, har Jærmuseet fleire tilbod å velga mellom. Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har ope med eit rikt aktivitetsprogram:
Vitenfabrikken
På Vitenfabrikken er det mange aktivitetar for nyvitne barn og vaksne i haustferien. Her får du blant anna oppleva utstillinga Skru på hjernen!. Bli med inn i hjernen sitt fascinerande univers – frå sansar og motorikk til kvile, læring og kunstig intelligens. Har du vore i LEGO-rommet? Her finn du over 100.000 LEGO- og DUPLO klossar i mange ulike fargar og fasongar. På Abelloftet er det magiske matematikkeksperiment, og så må du få med deg utstillinga “Vi hos Øglænd” som viser den rike industrihistoria til bedrifta Jonas Øglænd. I Planetariet vårt får du reise ut til stjerner og planeter. På publikumsverkstaden er det mange ulike redesign-aktiviteter.
Sjå meir av programmet på Vitenfabrikken i haustferien.
Det er ope kvar dag på Vitenfabrikken.
Takka vere vår samarbeidspartnar, Equinor, er det gratis inngang for alle barn i haustferien.
Vitengarden
På Vitengarden er det i år fokus på konservering l i haustferien. Kjenner du forskjellen på konservert og fersk mat? Kva skjer når me konserverer maten? Bli med og lag saft og sylteagurk. På garden er dyra klare for eit besøk. På løa er det masse høy å hoppa i. Vitengarden har ope alle dagar utanom laurdag. Vitengarden er perfekt for alle nyvitne – små og store.
Sjå meir av programmet på Vitengarden i haustferien.
Takka vere vår samarbeidspartnar, Equinor, er det gratis inngang for alle barn i haustferien.
Garborgsenteret
I haustferien er det gratis inngang for barn, og det vert gilde aktivitetar kvar dag. Her kan du blant anna teste ut Treskomysteriet – kven har stole treskoa til Arne Garborg?
Flyhistorisk museum Sola
Ope laurdag og sundag kl. 12 – 16. Ny utstillingshall, butikk og kafé.
Tungenes fyr
Ope sundag kl. 12-16.