Påskeferien på Jærmuseet

Skal du halda deg på Jæren i påska, eller får besøk som du gjerne vil ta med ut på noko gildt, har Jærmuseet fleire tilbod å velga mellom:

Flyhistorisk Museum Sola

Flyhistorisk Museum Sola har ope for første gong i påsken – og her er det nå eit heilt nytt foajébygg med resepsjon, butikk og kafé. Fleire unike fly og helikoptre blir vist fram for første gong etter restaurering. Les meir om påska på Flyhistorisk Museum Sola.

Ope heile påska utanom Langfredag kl. 12-16.

Vitenfabrikken

På Vitenfabrikken vil det kvar dag vera ulike minishow med EGGsperiment som gjestene kan vera med på, og i Planetariet kan du bli betre kjent med Påskeharen. Les meir om påskeferien på Vitenfabrikken. Ope alle dager utanom Langfredag.

Vitengarden

Påsken startar tradisjonen tru med ein av Vitengarden sine mest populære aktivitetsdagar gjennom året; Eggande aktivitetsdag 24. mars. Her er det mange eggande aktivitetar, i tillegg til at du kan bli med pedagogane og sjå når dei slaktar ein kylling. Palmesundag er det òg sesongopning av utandørsutstillinga SNU, og det er gøymt over 50 påskeegg som du kan gå på jakt etter. 1 egg per person. Elles i påsken vil utstillingane både ute og inne vera opne, det kjem kopplam til gards og det er muleg å mala påskeegg. Ope alle dagar utanom Langfredag og Påskeafta.

Tungenes fyr

Tungenes fyr har ope Palmesundag og 1. Påskedag. Området rundt eignar seg godt som eit turmål, med eit besøk innom fyret og ei velfortent kake i kafèen etterpå.

Kafèen er ope frå kl. 12:00 til 16:00 og guida tur opp i fyrtårnet får du ved å hendvenda deg til personalet. Guida tur kostar 40,- pr. voksen, medan born går gratis.  Maks 10 personar om gongen.

Garborgsenteret

Spel treskomysteriet denne påska og utforsk utstillingane på Garborgsenteret.

Sjå opningstider og les meir om påsken på Garborgsenteret her.