Medan Restauration seglar forbi Tungenes fredag 4. juli i samband med 200-årsmarkeringa for starten på organiseringa av norske busetjingar over dammen, opnar samstundes ei utstilling på fyret til refleksjon over tydinga av reise, sjøliv og retning.
Men Ingvar Moi, kunstnaren bak utstillinga “Spor i Sjø”, ville nok ikkje sjølv ha teke turen for 200 år sidan – for som han sjølv seier dagen før utstillingsopninga: – Eg likar ikkje å vera på havet.
Likevel er det nett havet som er tema for dei 33 kunstverka som no er utstilte på Tungenes fyr.

I uthuset på fyret dagen før opninga fortel Moi om tankane bak, og kvifor akkurat roret har fått ei sentral rolle i utstillinga.
– Ved å nytta roret i lag med forteljingar knytte til dei, håpar eg at dei besøkande tenkjer over roret både som skulptur, som forteljing og som symbol, forklarar han.

På spørsmål om kva han legg i uttrykket «ror som symbol», svarar han:
– Éin ting er at dei vart brukte til å styra båten, men ror er òg noko me menneske nyttar for å bestemma kor me skal, kva me skal styra unna, og korleis me finn heim att.
– Roret er altså ein viktig fysisk gjenstand, men òg eit mentalt symbol, fortel kunstnaren, – i alle fall for meg som er landkrabbe, legg jærbuen til med eit glimt i auga.
Bakgrunn: Roret frå Lyngør

For seks-sju år sidan var Moi på kafé i Lyngør, og blei – slik han sjølv forklarar det – forelska i eit ror som hadde vore spikra opp bak ein dør.
Medan han arbeidde med skissane, trefte han Ketil Thu, leiar ved Engøyholmen kystkultursenter, som ikkje var i tvil: Moi sitt arbeid måtte bli ei utstilling i samband med 200-årsmarkeringa.
Men det er ikkje kva som helst ror som no heng på veggane på Tungenes fyr, forklarar Moi. Mange av dei har tilknyting til Stavanger-regionen og innover i Ryfylke.
Ror og båtar med regional forankring

Eitt av rora kjem frå ein båt som Sven Idse i Ryfylke bygde – ein båt på 14,5 fot, rigga både for årar og segl. Roret som Moi har teke utgangspunkt i, er henta frå denne.
Dei fleste fysiske ror og båtar som er representerte i utstillinga med namnet Spor i sjø, høyrer til på Engøyholmen. Men dei som vil sjå kunstverka hans, må ta turen til Tungenes, avsluttar Moi – som håpar kunsten hans kan bli ein samtalestartar om sjøfart, særleg levekåra til fiskarane, og korleis dei har blitt påverka av ulike faktorar gjennom tidene.
Avdelingsdirektør er nøgd

Avdelingsdirektør Eirik Gurandsrud ved Jærmuseet-avdlinga “Levande historie” som er ansvarleg for drift og museumsformidling ved Tungenes fyr i lag med Randaberg kommune, fortel at utstillinga passar rett inn i Tungenes fyr si formidling.
– Utstillinga er vakker for fleire sansar. For ikkje berre er det vakre element å sjå, men òg noko å lukta, forklarar Gurandsrud og held fram:
– Det har nemleg blitt brukt tjøre i målinga av kunstverka, og lukta gir ei ekstra dimensjon – ei ekte kjensle av båt og sjø.
Gurandsrud gler seg til å ha utstillinga på plass frå 4. juli, og ho skal stå gjennom heile sommaren både i uthuset og i fyrkafeen kor publikum kan nyta kunst og regional kultrhistorie i lag med heimelaga vaffel, kaffi og is.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Ingvar Moi og Engøyholmen kystkultursenter og Tungenes fyr ved Jærmuseet og Randaberg kommune.