Ledige sommarjobbar på Tungenes fyr

Jærmuseet søker museumsvertar og kafémedarbeidarar ved Tungenes Fyr.

Tungenes fyr har i løpet av dei siste 20 åra utvikla seg til å bli eit kulturelt fyrtårn med eit mangfaldig kulturtilbod og eit populært turrmål. Frå 2009 gjekk museumsverksemda ved Tungenes fyr inn som ein eigen avdeling i Jærmuseet.

Til sommarsesongen 2011 søker Jærmuseet folk som kan både arbeide ved den populære fyrkafeen og som kan fungere som museumsvertar og drive kulturhistorisk formidling. Du bør ha gode praktiske evner, vera imøtekomande og ansvarsfull, og meistre minst eitt framandspråk. Arbeidsperioden er frå 19. juni til og med 14. august.

Kontaktperson er avdelingsleiar ved Tungenes Fyr, Eirik Gurandsrud. Telefon 952 26 689.

Søknad med CV sendast til Eirik.Gurandsrud@jaermuseet.no eller per post til:

Tungenes Fyr v/Eirik Gurandsrud, Kommunehuset, Randabergv. 370, 4070 Randaberg.

Søknadsfrist: 29. april

Guider_2010
Ina Selmer-Andersen og Ørjan Hatlestad jobba på Tungenes fyr sommaren 2010. Foto: Ove Tennfjord, Randaberg kommune.