Talentsenter i realfag

Jærmuseet skal på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet starte opp Talentsenter i realfag. Ordninga med Talentsenter i realfag ved vitensentre er en følgje av realfagsstrategien «Tett på realfag»  utarbeida av Kunnskapsdepartementet i 2015. Til nå har det vore Talentsenter i realfag ved fire av vitensentera i Noreg, Jærmuseet blir nr 5 i rekkja.   

Talentsenter i realfag ved Jærmuseet vil i skuleåret 2020/2021 gje eit tilbod til elevar i ungdomsskulen i Sør-Rogaland. Seinare skuleår vil tilbodet bli utvida til å gjelde heile Rogaland og for elevar frå 5.trinn til VG2. 

Målgruppa er elevar med stort læringspotensial, som presterer på høgt fagleg nivå eller har potensial til prestere på høgt fagleg nivå. Elevar med stort læringspotensial er like ulike som alle andre elevar, men dei har nokre ting til felles 

T.d. 

  • ein indre motivasjon for å lære slik at dei ikkje alltid bryr seg om karakter 
  • vil vite kvifor  
  • lærer fort og kan kjede seg med mange like oppgåver 
  • likar komplekse oppgåver
  • trekker sosialt mot eldre elevar og vaksne, for å finne nokon som har den same faglege forståinga av eit emne

Talentsenteret i realfag ved Jærmuseet vil i skuleåret 2020/2021 tilby elevane tre samlingar à to dagar på dagtid. Då tilbodet går under tilpassa opplæring under opplæringslova §1-3 vil deltaking på samling  ikkje gje fråvær frå skulen. 

Søknad til talentsenteret skjer i samarbeid mellom skule, elev og føresette. Søknadsfrist for skuleåret 20/21 er medio oktober.  

Denne sida vil bli oppdatert. 

 

Sjå https://www.vitensenter.no/skoleleveranse/talentsenter-i-realfag/ for meir info om talentsenter i realfag og om elevar med stort læringspotensial. 

 

Spørsmål?

Ta kontakt med:

Prosjektleiar Marianne Hægstad Risdal, mhr@jaermuseet.no

Innhaldsansvarleg Jørn Hafver, joh@jaermuseet.no