Årskort familie

for to vaksne og inntil fire barn

1 100 kr

Årskort familie (gjeld for to vaksne og inntil fire barn)

Kjøp ei gåve som gjer gode opplevingar i eit heilt år.

Kategori:

Beskrivelse

Kjøp ei gåve som gjer gode opplevingar i eit heilt år. Jærmuseet sitt årskort gjeld frå dato til dato – gjennom 52 veker, og kan bli brukt så mykje ein vil på heile 12 publikumsopne anlegg. Med årskortet kan du med god samvit koma innom berre for ein snarvisitt – eller nytta tilbodet ein heil dag.

Nokre avdelingar, som Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har opent heile året, medan dei andre anlegga er sesongopne med gilde aktivitetsdagar i sesongen april – september. Totalt har Jærmuseet 70 aktivitetsdagar gjennom året – fordelt på anlegg i sju kommunar på Jæren.

Når du kjøper årskort, får du tilsendt eit gåvekort til verdi av årskortet du kjøper. Dette vert bytta inn i årskortet ved første besøk slik at du kan besøke oss eit heilt år frå dato på første besøk. Årskortet kan og kjøpast i resepsjonen på Vitenfabrikken, Vitengarden eller Garborgsenteret.

Årskortet er personleg og kan ikkje nyttast av andre. Leveringstid er 3-7 verkedagar. Viss du vil henta kortet, send ein epost til garborg@jaermuseet.no og gje beskjed om dette samstundes som du bestiller årskortet. Viss du vil besøke oss før du har motteke årskortet, viser du fram kvittering på kjøp i kassen.