Årskort familie mini

for ein vaksen og inntill tre barn

760 kr

Årskort familie mini (gjeld for ein vaksen og inntil tre eigne barn)

Kjøp ei gåve som gjer gode opplevingar i eit heilt år.

Kategori:

Beskrivelse

Kjøp ei gåve som gjer gode opplevingar i eit heilt år. Jærmuseet sitt årskort gjeld frå dato til dato – gjennom 52 veker, og kan bli brukt så mykje ein vil på heile 12 publikumsopne anlegg. Med årskortet kan du med god samvit koma innom berre for ein snarvisitt – eller nytta tilbodet ein heil dag.

Nokre avdelingar, som Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har opent heile året, medan dei andre anlegga er sesongopne med gilde aktivitetsdagar i sesongen april – september. Totalt har Jærmuseet 70 aktivitetsdagar gjennom året – fordelt på anlegg i sju kommunar på Jæren.

Når du kjøper årskort, får du tilsendt eit gåvekort til verdi av årskortet du kjøper. Dette vert bytta inn i årskortet ved første besøk slik at du kan besøke oss eit heilt år frå dato på første besøk. Årskortet kan og kjøpast i resepsjonen på Vitenfabrikken, Vitengarden eller Garborgsenteret.

Årskortet er personleg og kan ikkje nyttast av andre. Leveringstid er 3-7 verkedagar. Viss du vil henta kortet, send ein epost til garborg@jaermuseet.no og gje beskjed om dette samstundes som du bestiller årskortet.