Nedanfor kan du lese meir om kva type data me samlar inn, kor og koss me lagrar data og kva den vert brukt til. Personopplysningar er opplysningar som aleine eller i kombinasjon kan identifisera ein bestemt person, slik som namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse.
-
Ved besøk på nettsida vil nettleverandøren kunna innhenta informasjon som er nødvendig for å levera ei stabil teneste.
Les meir om det i personvernerklæringa til Hjelseth Computers.
-
Koss me brukar cookies
Me brukar cookies for å gje deg betre tenester. Nokre er heilt nødvendige for funksjonaliteten på nettsidene, andre vert brukt til å forbetre ytinga og brukaropplevinga.
Funksjonelle cookies vert brukt til å:
– hugsa innloggingsopplysningane dine
– ivareta sikkerheita når du er innlogga
– syta for at nettsidene ser konsistente utYtingscookies vert brukt til å:
– betra ytinga til nettsidene ved raskare nedlasting
– betra brukaropplevingaMålretta cookies vert brukt til å:
– la deg dela og lika innhald
– senda informasjon til andre nettstader for å tilpassa reklamen deiraEksempler på bruk
Cookies vert brukt til å gje deg betre tenester, til eksempel gjennom å:
– aktivera ein teneste som gjenkjennar eininga di, slik at du slepp å oppgje same informasjonen fleire gonger
– hugse at du allereie har oppgitt brukarnamn og passord når duer innlogga (slik at du ikkje treng å gjera det om att for kvar side)
– måla kor mange som brukar tenestene, så me kan gjere dei enklare og raskare
– analysera data for å hjelpe oss til å forstå korleis du brukar tenester på nettet, slik at me kan betra deiHvis du ikkje tillet oss å bruka cookies vil ikkje nettsidene fungera som dei skal.
Vil du sletta cookies som allereie er lagra på datamaskinen din, må du følgja instruksjonane for nettlesaren ved å klikka på Hjelp i menyen.Du kan lesea meir om cookies og koss du brukar dei på www.aboutcookies.org eller ved å klikka på Hjelp i nettlesaren din.
-
Me nyttar Google for å måle besøk, kva sider som er mest populære, kor lenge besøka varer og anna liknande informasjon.
Informasjonen er anonymisert så langt det let seg gjera via Google sitt verktøy. Den blir kun nytta for å gi ett heilskapsinntrykk, me identifiserer ikkje enkeltpersonar gjennom statistikkinnhenting.
Les meir i personvernserklæringa frå Google.
Jetpack
Visningar av sider og artiklar, trykk på lenker, søkeord og kva land den besøkande er frå, vert samla opp via Jetpack.
Annan data som vert inkludert, er den besøkande si IP-adresse, nettlesar-versjon, språk og kva side ein blei referert videre frå.
Er ein ein WordPress.com brukar, og er innlogga på deira tenester, så blir brukarnamn og brukar-ID frå denne tenesta innhenta.
Informasjonen vert lagra i 28 dagar for å aggregera statistikk, og me har ikkje tilgang på data som kan identifisera individar eller brukarar.
Les meir i personvernserklæringa til Automattic.
-
Jærmuseet samlar inn og behandlar personopplysningar i arbeidet med samlingane av gjenstandar, fotografi, film- og lydopptak, arkivmateriale og bygningar.
Denne innsamlinga og lagringa er nødvendig for at museet skal kunne utføra oppgåver i interessa til allmenta. Museet følger Lov om behandling av personopplysninger og Lov om opphavsrett til åndsverk, og her finn du eksempel på relevante paragrafar og artiklar i dei.
Innsamling, lagring og innsyn
Når me samlar inn materiale til samlingane, treng me også å samla inn personopplysningar for å vita kven som har gitt, laga, eigd og/eller brukt materialet, for å ta vare på historie som gir objekta meining for allmenta, og er i samfunnet si interesse nå og i framtida. Derfor samlar me inn både opplysningar om namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse til personar, og historikk om materialet og personar knytt til det. Opplysningane lagrar me når me skriv mottaksavtale med givaren/formidlaren av materialet. I samlingsforvaltninga blir slike opplysningar lagra i Jærmuseet sitt elektroniske arkivsystem, i museumsdatabasen Primus, i arkivdatabasen Asta og i bygningsdatabasen. Alle systema har tilgangskontroll. Innsamlinga og lagringa er heimla i Personopplysningslova §§ 8 og 9 (ref. personvernforordninga artikkel 6 og 9).
Eit fotografi av ein person utan namn er også å rekna som ei personopplysning som kan identifisera personen. I samlingane har me mange foto utan namn på personar, der me ikkje har moglegheit til å informera dei om at me har denne opplysninga lagra hos oss. Dette materialet forvaltar me etter beste evne ut frå Åndsverklova og Personopplysningslova.
Personopplysningane blir brukt til å bevara historia om det me samlar inn, og blir viktig i framtida for til dømes å laga utstillingar og forska i lokalhistoria. Verken alminnelege eller særlege kategoriar av personopplysningar blir publiserte utan samtykke, eller utan at det er lovleg og etisk forsvarleg å publisera dei. Sjå til dømes Åndsverklova § 104 og Personopplysningslova (ref. personvernforordninga artikkel 15). Alle har rett til sjå kva opplysningar museet har lagra om dei, og har krav på å få retta opp / sletta feil opplysningar. Sjå Personopplysningslova (ref. personvernforordninga artikkel 15 og 16).
Publisering, korrigering og klagerett
Jærmuseet sine viktigaste plattformar for publisering av samlingane er www.digitaltmuseum.no for gjenstandar, fotografi, film og lydopptak, og www.arkivportalen.no og www.digitalarkivet.no for arkivmateriale. Her publiserast også utvalde personopplysningar knytt til dei ulike objekta. Nålevande personar må me ha skriftleg samtykke frå for å kunna publisera deira opplysningar og bilde av dei (sjå Personopplysningslova, personvernforordninga artikkel 6). Bygningsdatabasen er ikkje publisert på nett.
Jærmuseet strekk seg etter ikkje å publisera personopplysningar som me ikkje har fått samtykke til å publisera. Unntak frå samtykke er der personopplysningar og fotografi har «falt i det fri» etter Åndsverklova §§ 11, 12 og 104, og elles er lovleg og etisk forsvarleg å publisera.
I den daglege samlingsforvaltninga arbeider me etter lovverket med å henta inn skriftleg samtykke og vurdera om det er lovleg og etisk forsvarleg før me publiserer nye foto. Samtidig retter me opp gamle feil når me ser dei. Derfor set me også pris på at publikum gir oss beskjed viss dei ser at me har publisert bilde og opplysningar utan lov, eller har publisert feil opplysningar om dykk sjølve eller nokon andre. Når me får slike førespurnader rettar me opp opplysningane, og kan ta bildet vekk frå nettet når det er det rette å gjera. Det er også mogleg å klaga til Datatilsynet viss ein meiner museet ikkje har følgt norsk lovgjeving i behandling av personopplysningar i samlingane, slik at opplysningar har komme på avvegar (sjå Datatilsynet sine nettsider for framgangsmåte).
Har du opplysningar som kan hjelpe oss å identifisera og/eller komma i kontakt med fleire avbilda personar og fotografar, vil me gjerne at du kontaktar oss, så me kan få enda betre kvalitet på personvern i databasane våre.
-
I samband med kjøp av årskort oppgjev brukar kontaktinformasjon som namn, e-post, telefonnummer og adresse. Opplysningane vert lagra så lenge dei er relevante for oss. Personopplysningar me får inn ved kjøp blir ikkje nytta til anna enn korrespondanse. Me etterstrebar å ikkje ta vare på detaljane dine lenger enn nødvendig.
Betaling
Betaling skjer via PayPal. Les meir om retningslinjene for personvern for PayPal-tenester.
-
Tekstar
Nettsida nyttar teksttypar tilgjengeleggjort via Google Fonts. Ved lasting av slike vert det etter vår viten ikkje samla inn informasjon om den besøkande.
Tredjepartsinnhald
Det hendar me inkluderer videosnuttar, bilete eller innhald frå andre tredjeparts nettsider. Dette nyttar den besøkande som om dei var på tredjeparten si nettside. Difor kan det førekoma at informasjonskapslar vert lagra, eller at det vert innhenta statistikk hjå desse.
-
Nyheitsbrev og kontakt- og bestillingsskjema
Du kan også kontakte oss via eit kontaktskjema eller melde dykk på eit nyheitsbrev. Me ber då om namnet på ein kontaktperson og dens kontaktinformasjon.
Personopplysningar me får inn ved kjøp av varer og tenester blir ikkje nytta til anna enn korrespondanse.