Museumsaskeladden

Etablering og historikk
Stiftinga Jærmuseet blei formelt stifta 21. januar 1985 av kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Stiftingsmøtet blei halde i Time rådhus.
Men det interkommunale museumssamarbeidet på Jæren går tilbake til hausten 1979 då bygdemusea skipa «Samarbeidsutvalet for bygdemuseum på Jæren». Kvar kommune oppnemnde to representantar til utvalet. Randaberg, Gjesdal, Klepp, Time og Hå hadde på den tid eigne kommunale bygdemuseum, medan Høyland bygdemuseum i Sandnes var organisert som ei privat foreining. Sola hadde på den tid ikkje eigne museum, men deltok likevel i samarbeidet.

I 1981 blei det oppretta ei felles handverkarstilling finansiert med tilskot frå alle dei sju jærkommunane. Sverre Skjæveland frå Kvernaland blei tilsett i stillinga. Arbeidet blei samordna og administrert av Høyland bygdemuseum som på fleire vis var drivkrafta bak dette museumssamarbeidet. I 1983 la «Samarbeidsutvalet» fram ei eiga utgreiing:

«Bygdemusea på Jæren – planar for eit sameint kulturvern»,
der dei konkluderte med at det burde opprettast ein felles regional museumsinstitusjon.
Utgreiinga blei sendt til alle kommunane og danna grunnlaget for den politiske behandlinga bak opprettinga av Jærmuseet i 1985.

Allereie den gongen såg stiftarane for seg ei regional samordning av kulturvernet, og at ulike anlegg burde utvikla kvar sine særprofilar som til saman dekka viktige område av regionen si historie:

«Betra kommunikasjonar har gjort regionen mindre, slik at lokale samlingar og faste kulturminne har vorte lett tilgjengelege for eit mykje større publikum. Dette bør gje grunnlag for ei regional planlegging av kulturvernet. Bygningar og samlingar kan vurderast i ein heilskap og presenterast med tanke på folket i heile regionen som publikum. Konkret vil dette t.d. seia at dei lokale utstillingane kan gjevast kvar sin særprofil»..