Katalogane tilgjengelege på nett

Sidan oppstarten har Jærmuseet samla katalogar, brosjyrar, prislister og bruksanvisingar innafor sine primære samlingsfelt, som landbruk,
potteri og regional tekstilindustri.

dokumentarkiv kverneland plogSidan oppstarten har Jærmuseet samla katalogar, brosjyrar, prislister
og bruksanvisingar innafor sine primære samlingsfelt, som landbruk,
potteri og regional tekstilindustri. Nå har museet med god støtte frå Kverneland Group lagt noko dette tilgjengeleg på internett.

Jærmuseet har samla materiale om landbruksmaskinar med regional
tilknyting, altså frå regionale produsentar, forhandlarar eller materiale
funne i lokale arkiv. Videre har Jærmuseet samla strikkeoppskrifter frå
lokale produsenter som Sandnes Ullvarefabrikk, Gjesdal spinneri,
Sandnes Kamgarnspinneri,
DFU avd. Ålgård og Figgjo.

Det er ikkje foretatt systematisk innsamling, men publikasjonar blir tatt
vare på når dei har kjem inn som del av arkiv eller frå privatpersonar.

Katalog- og brosjyrematerialet omfatter ca. 3000 publikasjonar. Over 2000
av desse er registrert og katalogisert. Resten er ordna etter utgjevar og
dermed også lett tilgjengeleg etter førespurnad.

Ein del av publikasjonane er offentleggjort på Jærmuseet sitt Dokumentarkiv.
Per i dag gjeld det katalogar, brosjyrar og prislister frå Kvernelands Fabrikk A/S
i tida 1886 og ca. 1990.