Trygve og Torvald

Bilete frå eit familiealbum

Pianist Trygve Stangeland og forfattar Torvald Tu var livskjærastar. Dei høyrde allereie saman då Torvald flytta inn i Mosberghagen på Tu i 1924. Mot slutten av trettiåra bygde dei på huset, og Trygve og flygelet flytta inn. Her budde dei begge til dei døydde.

Bileta du kan sjå i hagen på Haugabakka er frå fotoalbumet deira. Sidan utstillinga står utandørs, er den tilgjengeleg for alle – heile døgnet.

Friluftststillinga er laga i høve Skeivt kulturår 2022. Hagen er open for alle, og utstillinga står til 2023. Foto er lånt frå Klepp kommune og Karly Rosseland. 

Torvald Tu

Torvald Tu (1893–1955) kom i frå Tu i Klepp kommune. Han var yngst i ein syskenflokk på fire. Foreldra budde på ein husmannsplass i Tu-marka, og faren arbeidde som teglverksarbeidar. Då Torvald var ni år, døydde mora. Han skulle sakna ho veldig. Frå barndommen var han van med tronge kår. Valet om å leva av å skriva skulle ikkje heller hjelpa på økonomien, men han stod fast på at det var forfattar han ville vera. Som ung mann hadde han gått eit par år på Jæren folkehøgskule og prøvd seg i praktiske yrke utan hell.

Ein ung Torvald heime på Tu. Foto: Klepp kommune.

Med godt humør, pågangsmot og høg produksjon greidde han å halda på forfattaryrket han alltid hadde drøymt om, men tronge kår skulle det vera heile livet. Det kunne gå lang tid mellom inntening på bøker og skodespel; han måtte be om forskot frå forlaga, hjelp frå vener og støtte frå kommunen. Til og med under krigen måtte han gje ut bøker for å klara seg, sjølv om det var prenteforbod. For det fekk han refs, men sidan tilgjeving då dei forstod det var på grunn av svolt og naud.

Språket låg lett for han, og han var ein meister i å skildra bygdefolk med humor og varme, ofte på klingande jærmål. Han blei oppmuntra av Arne Garborg til å skriva på jærsk, og dei to brevveksla om korleis dei best skreiv det jærske målet. Etter kvart var det ingen som skreiv jærsk som Torvald. Han skreiv om naturen og folket, gjerne karikerte jærbuar. Han kunne skriva høvesdikt og heimstaddikt. Men under den fjåge overflata låg der eit alvor i diktinga og i kunstnaren sjølv.  Dette var ein diktar med vare kjensler for naturen, med kampglød for arbeidaren og som sjølv hadde røynt svolt og urettferd. For dei fleste blei han likevel den løgne og gilde skalden på Jæren. Det å skriva skikkeleg humor blei ofte ikkje rekna for kunst, og Torvald Tu blei derfor aldri rekna som del av det etablerte høglitterære miljøet. Hans folkelege appell gjorde at folk ofte forventa humor av alt han skreiv, dei tenkte at det var det som var Torvald Tu, men han lodda langt djupare enn det. 

Torvald skreiv om ting alle kunne kjenna seg att i. Det gjorde han populær blant mange, ikkje berre på Jæren, men i heile landet. Mellom anna skal Torvald vore eit ideal og ein inspirasjon for ein ung Alf Prøysen: «Torvald Tu likte je best, der var det innlagte viser og der. Tu var mitt store forbilde, og en dag tenkte je at det måtte da fell gå an å laga et skuespell sjølv. Og så skreiv je skuespell i tre akter.» Det er elles lett å sjå likskap mellom Tu og Prøysen. Begge brukte dialektform i delar av diktinga si, og begge greidde å fanga den lune humoren i historier frå bygdelivet.

Trygve Stangeland

Trygve Johannes Stangeland (1898-1969) kom i frå Stavanger. Faren hans Martin Stangeland dreiv Stangelands Musikhandel i byen. Trygve vaks opp mellom instrument og musikkinteresserte sysken, og var sjølv svært musikalsk. I ungdommen spelte han både piano og fiolin. Han valde å satsa på pianoet, og studerte både i Oslo, Paris og Leipzig. Han byrja utdanninga si i Oslo, med fire år hos den kjende musikaren Nils Larsen. I Paris fekk han undervisning hjå professor Philip Isidore, og i Leipzig hjå professor Pembauer. På debutkonserten i Oslo i 1921 la han opp eit krevjande program med stykke av Beethoven, Schumann og Chopin. Han fekk rosande kritikkar.

Torvald, til venstre, og Trygve. Foto: Klepp kommune.

Trygve gjorde tidleg suksess som konsertpianist, men økonomiske nedgangstider gjorde yrkesvalet vanskeleg. Han arbeidde likevel med musikk heile livet, både som pianist, komponist og klaverpedagog. Før andre verdskrigen reiste han og Torvald på fleire opplesingsturnear, som var ei kjær inntektskjelde for dei. Torvald las eigne tekstar og Trygve spelte flotte klassiske perler. Dei hadde elles mange framføringar i norsk radio. Også i radioen opptredde dei oftast i tospann, med opplesing og musikk. Trygve komponerte musikk til fleire av Torvald Tu sine skodespel og dikt, mellom anna jærsongen Sjå Jæren.  

I 1937 flytta Trygve inn hjå Torvald. Arv frå foreldra hans gjorde det mogleg for dei å bygga ut huset i Mosberghagen, for å ha plass til flygelet. Det store instrumentet smaug ikkje inn døra, så det måtte inn medan dei bygde.

Den gåverike musikaren skulle etterkvart bli for sjuk til å reisa rundt og opptre. Trygve hadde nesten drukna på ei jærstrand i ungdommen, og var lungesvak heile livet. Andre verdskrigen og sjukdom sette ein stoppar for konsertkarrieren hans, opplesingsturneane og radioframføringane. Då krigen kom vart Trygve alvorleg sjuk og trengte dyre medisinar. I ein periode levde han berre på morfin og mjølk. Dette var ei svært krevjande tid for sambuarparet.

Det var likevel Torvald Tu som først skulle gå ut av denne verda. Då Torvald plutseleg døydde i 1955, var Trygve både utan livspartnar og hovudforsørgar. Trygve blei buande i Mosberghagen, og i 1957 byrja han  å ta imot pianoelevar heime. Han rekna ikkje med å få så mange elevar, men kunne til si store overrasking oppleva stor pågang. Trygve hadde stor glede av å læra andre å spela. Det gleda han at interessa for klaverspel tok seg opp på Jæren. Undervisninga heime i stova haldt han fram med heilt til han døydde i 1969.

Trygve framfor flygelet i stova i Mosberghagen. Foto: Karly Rosseland.

Torvald og Trygve i Mosberghagen

Torvald og Trygve vart kjende så tidleg som i 1915. Det året sendte Torvald eit brev til den 17 år gamle pianisten, om han kan tenka seg å setta melodi til nokre av dikta hans. Interessa for musikken var ei interesse dei delte. I følgje Trygve var Torvald svært musikalsk, og hadde absolutt gehør.

Som ung budde Torvald ei stund på Lier på Austlandet, der han hadde verka som forfattar og opplesar av andre sine tekstar, i sær Garborg si Haugtussa. Men han lengta heim og gjorde jærbu av seg att. I 1924 fekk Torvald bygd seg stova si på Tu på Jæren, med pengar frå teatersuksessen Kjærleik på lykteland. Teaterstykket vart ikkje berre oppført i Noreg, men også i Sverige og på Færøyane. Musikken i teaterstykket hadde Trygve Stangeland komponert.  

I Mosberghagen ville Torvald bu og sjå austover mot Frøylandsvatnet, «venleiksauga» som han kalla det, og mot lynglandet han var så glad i. Same året gav han ut ei samling med forteljingar og noveller som han kalla Høg himmel, ei bok han dediserer “Til pianisten Trygve Stangeland”. Torvald og Trygve har allereie vore kjærastar eit par år, og Trygve skal koma ofte på besøk til Mosberghagen.

Det er ein lang tradisjon innan diktarkunsten å dedisera dikt eller verk til ein venn eller nokon ein set høgt … eller elskar. Ein dedikasjon kan vera ei intim og generøs handling. I novella Høg himmel som har gitt namn til verket, innleier Torvald med orda: «Eg har kviskra ditt namn til blomane. – Sunnanvinden høyrde det, og bar det i sol over lyngen. I lyngsongen leikar namnet ditt. – Heia veit kven eg elskar . . .”

Torvald pleidde ikkje dedisera ofte, men i 1940 skulle han gjera det igjen. Denne gongen var det diktet Musikk som blei dedisert til «T.S». Livskjærasten Trygve, hadde på dette tidspunktet flytta inn i Mosberghagen. Trygve som hadde vore på besøk så ofte som han kunne, flytta først inn i 1937. Begge foreldra til Trygve var nå døde. Pengearven frå faren til Trygve gjorde det mogleg å bygga på den vesle stova i Mosberghagen, slik at dei kunne få plass til flygelet til Trygve.


Trygve framfor huset om lag 1930. Foto: Klepp kommune.

Dei var glade i hage. Torvald trudde han skulle greia gjera det karrige stykket sitt om til ein frodig hage. Det greidde han. I hagen vaks bærbuskar, frukttre og prydblomar. I steingarden rundt huset hadde han sett ned roser han hadde fått frå Hulda Garborg.

Trygve og Torvald to levde som ektefolk i eit samliv gjennom tretti år. Dei inspirerte kvarandre og samarbeidde. Torvald la mykje song inn i skodespela sine, og Trygve sette melodi til dei. Frå 1924 hadde Torvald ei spalte i Stavanger Aftenblad som han kalla «Dikt frå Mosberget». Det var i denne diktrekka han skreiv sitt mest kjende dikt Sjå Jæren, som framleis blir sunge til Trygve sin melodi.

Torvald og Trygve snakka ikkje så mykje om samlivet sitt, men haldt det på ingen måtar hemmeleg. Ikkje skreiv Torvald så mykje om det heller, men dei viste i praksis at dei elska kvarandre, der dei budde saman i Mosberghagen. At to homofile menn flytta i lag på Jæren i mellomkrigsåra, blei lagt merke til. To kunstnarar. Den lokale, kjende forfattaren saman med ein pianist frå byen. Dette i ei tid der lova slo fast at homofilt samliv var eit lovbrot.

Det kan sjå ut som dei to har hatt eit roleg, nært og godt kjærleiksforhold i Mosberghagen. Torvald Tu-biograf, Jan Olav Gatland, skriv at mange heva augnebryna, men like mange lukka auga for kva som skjedde. Var det fordi det homofile sambuarparet var kunstnarar? Eller blei dei aksepterte fordi dei var to gilde karar og medmenneske og kjende ressurspersonar i bygda? Det er vanskelegare å dømma og diskriminera når ein kjenner kvarandre. Dei gjekk likevel ikkje frie for bygdedyret. Venn og samarbeidspartnar Olav Stangeland fortalde i 1991, at jærbuen flirde og lo av forholdet deira, og at mange plasserte Torvald nede på rangstigen i det offisielle omdømmet.

Sjølv angra ikkje dei to kunstnarane. I dei tøffe krigsåra då Trygve blei sjuk og måtte på sjukehuset, røynde dei tunge sider ved samlivet. Torvald trudde kjærasten skulle døy og skriv i dagboka si i 1947: «Dette vårt inderlege venskap gjennom kring 25 år. Ingen av oss har trega ein dag på at me vart intime bestevener.»

Ikkje minst var det svært viktig for Torvald og Trygve at dei hadde full støtte i familie og venner. Dei næraste vennane verna om paret. Ei av dei, Esther Thu, skildra situasjonen slik: «Det var synd å seia at Torvald og Trygve var særlag populære blant folk flest. Men me som kjente dei, høyrde ikkje på det øyra. Dei kan seia kva dei vil om homofile. Det hoppa eg bukk over.» Torvald var også ein sjølvsagt medlem av Trygve sin store familie i Stavanger. «Det var ingen som snakket om slikt den gang, men de ble akseptert som de fine mennesker de var,» fortalde Trygve si grandniese Olga Torgrimsen til Jærbladet i 1998. 

Torvald Tu kunne kunsten å rima. Her i brev til Klepp forsyningsnemnd i 1950. Foto: Klepp kommune/Forsyningsnemnda/1939-1974. IKA Rogaland.

Kulturstova i Mosberghagen

Torvald og Trygve skapte ein god heim saman i Mosberghagen. Dei var gjestfrie og gilde å vera i lag med. Det kan verka som dei to har vore lukkelege i stova si på Jæren. Sjølv om dei stundom sleit med å få endane til å møtast, var det ein heim der dei tok i mot mange gjester. Torvald var lukkeleg når han las opp eigne ting, anten det var heime eller på turné.

Trygve og Torvald med Torvald si syster, Karen. Foto: Klepp kommune.

Heimen var mest som ei lita kulturstove der ute med Tu-marka. På veggane hang maleri og fotografi, og det var mange bøker i bokhyllene. Heimen viste mange minne frå livet til dei to kunstnarane. Etter kvart skulle Mosberghagen bli staden for fleire festlege opplevingar for folk frå Tu, Bryne og Klepp.

Trygve og Torvald heldt fleire kulturkveldar med musikk og litteratur, og folk blei imponerte over Trygve sitt pianospel.

Ein av dei som kom på besøk, desse festkveldane i Mosberghagen, var sokneprest Christian Sole. Han og Torvald hadde braka saman tidlegare. Det hadde seg sånn at soknepresten likte godt den jærske «nasjonalsongen» Sjå Jæren, heilt til han høyrde at det var kunstnarparet frå Mosberghagen som hadde laga tekst og melodi. Dette kom Torvald for øyra og han skreiv i brev til presten: «Eg er eit menneske som De. Men – ein ventar ikkje nett dolkestikk i ryggen – av prestar» Vidare skreiv han: «At eg har mange feil veit eg; men dei skal eg stå og falla med for høgare dom enn Dykkar.»

I ungdomstida var Torvald med i Frelsesarmeen på Bryne, ein organisasjon som stod han nær heile livet. Derfor var nok dommen frå soknepresten ekstra sårande og provoserande.

Sole tok meldinga på alvor og besøkte Torvald heime. Der fekk dei snakka ut saman. Etter kvart skulle presten koma fleire gonger på besøk når Torvald og Trygve inviterte til musikk og høgtlesingar. Torvald skreiv i dagboka si at han likte presten betre og betre.

Då Torvald døydde i 1955, blei det Christian Sole som heldt gravferda. Då han la ned blomane frå Trygve skal han ha sagt: “Det ligg kanskje mest i desse blomane.”

Kanskje tenkte Trygve då på Torvald sin prolog i siste diktsamling:

«Om songane vil andre ymist døma! –

D`er nok for meg: – at eg i song fekk bløma!»

Forfattaren og pianisten. Saman på Mosberget. Nå sat Trygve aleine att.

Den produktive forfattaren

Allereie som fjortenåring fekk Torvald sitt første dikt på trykk i Stavanger Aftenblad, og redaktør Lars Oftedal oppmuntra han til å fortsetta med skrivinga, både i ord og med pengar. I 1915 skreiv han si første diktsamling Blomar frå heid, og kritikarane såg liner til den svenske forfattaren Gustav Fröding. Det blei starten på eit rikt forfattarskap som skulle omfatta 68 titlar. Torvald skreiv mest skodespel, men ga også ut fleire eventyrbøker, diktsamlingar, romanar, stubbar og kortprosa. Torvald sine folkekomediar blei oppført over heile landet, og han blei rekna som ein kjær og populær forfattar i samtida. Eitt filmmanus blei der òg tid til, På Brattevoll. I denne langfilmen, som var ein reklamefilm for Samvirkelaget, opptrer både Torvald og Trygve som skodespelarar.

Torvald Tu var ein svært produktiv forfattar. På 1920-talet kom han ut med 22 bøker. Han klaga ofte over at han ikkje fekk tid til å jobba så nøye med bøkene sine som han ville. Det same gjorde kritikarane. Grunnen var enkel: Han måtte gje ut bøker for å tena pengar. Å leva av å lyga og dikta historier var ikkje arbeid på Jæren, og det å vera fullt ut diktar gav ikkje god inntening. Han fekk sjeldan stipend for å skriva. Torvald Tu bøtte på det med å gje ut bøker jamt og fort, i tillegg til å halda opplesingar. Derfor blei det òg få romanar, dei var for tidkrevjande. Betre då å koma ut med tekstar i kortare format som dikt, stubbar og eventyr. Torvald Tu har skrive mange gode kunsteventyr, og han la æra si i dei, men det var skodespel han produserte mest av. Der kunne vera god inntening viss stykka blei spelt mykje. Enten på profesjonelle teater eller på amatørscener rundt omkring i landet.

Torvald i solveggen. Foto: Klepp kommune.

Kritikarane ga jamt blanda kritikk. Ofte god kritikk på språkkjensla, men mindre god kritikk på oppbygging og handling. Han var ikkje ein modernist, men likte å fortelja sogene rett ut og skriva dikta sine på rim. Det var visst ikkje slik samtidslitteraturen skulle vera. Sjølv var han inspirert og opptatt av fleire tidlegare og samtidige forfattarar. Han likte godt lyrikken til Arne Garborg, Henrik Wergeland og Per Sivle.

Han brukte Garborg som manuskonsulent i starten. Garborg las villig og oppmuntra han til å jobba meir med teksten, rydda i teiknsettinga og skriva meir jærsk. Torvald høyrde på noko av tilbakemeldingane, men ikkje alt. Å jobba meir med tekstane, var eit privilegium som ikkje var alle forunnt. Å rydda i teiknsettinga verka det ikkje som Torvald var interessert i, men å skriva meir jærsk skulle han gjera. Torvald Tu skulle utvikla seg til å bli den beste forvaltaren av det jærske målet i skriftform, og ingen har sidan fanga den jærske tonen som han. Kanskje var alle bøkene hans på jærsk og nynorsk òg ein grunn til at han ikkje tente så mykje pengar. Det gjorde at han fekk et snevrare publikum.

Seinare skulle Torvald bli kjent med Tarjei Vesaas som debuterte på Norli forlag i 1923. Dei to skulle begge bli viktige for nynorsken. Torvald Tu hadde elles kontakt med nynorskforfattarar som Arne Garborg og Kristoffer Uppdal.

Torvald sine stubbar og dikt er framleis kjende for mange på Jæren. Mange gode opplesarar har farta rundt og lese høgt frå dei morosame stubbane hans, og med det halde dei i live. Den beste til å lesa dei var nok likevel Torvald sjølv. Som ein skodespelar kunne han fortelja sine jærstubbar så godt at til og med Arne Garborg måtte le så han rista.

Sjølv sa Torvald ofte at det var eventyr han likte best å skriva. Han fekk gode tilbakemeldingar på kunsteventyra sine, sjølv om det nok blei rekna som barnelitteratur og ikkje lett å vita korleis dei skulle kritiserast. Han hadde god sjølvtillit som eventyrforfattar og såg opp til H.C. Andersen sin fabulerande og sprudlande forteljarmåte. Før han ga dei ut på prent, kunne han testa dei og fortelja dei høgt for ungane på Tu skule. Torvald konkluderte:

«Eg er mest eventyrforteljar, der-næst lyrikar, so dramatikar og sidan – alt det andre. Stubbeforteljar, og kva det er alt saman.»

Skeiv litteratur

Torvald Tu debuterer som forfattar i 1914. Dette er ei tid då homoseksuelle kjensler av dei fleste blir sett på som ein sjukdom. I norsk og europeisk litteratur skal homofile skildringar oftare og oftare blir skrive om i skjønnlitteraturen, noko som skal bli viktig for å endra folks syn på kva homofili er. Mellom linene hadde tematikken vore med i 1800-talslitteraturen òg, men det er i dei første tiåra av 1900-talet, lesarane skal bli kjende med den indre kjenslelivet til homofile.

Trygve og Torvald på tur med vennar til Vig i 1929. Foto: Klepp kommune.

Torvald Tu er ikkje ein forfattar som ope skriv om homofili. Mange av kjærleikssogene og dikta handlar om kjærleik mellom mann og kvinne. Kanskje var det derfor ikkje så rart at det kom friarbrev til den unge forfattaren i bladet «For bygd og by». Etter suksessen med kjærleikskomediane sine var det ei ungmøy frå Ullensvang som lurte på kor gammal Torvald var og om han var gift. Då svarte Torvald sjølv med eit dikt på tre strofer. Han avslutta med: «Elles så er eg visst lite å ha. Eg meiner den ungmøy kan vera glad, som slepp meg som strabbe, – det trur eg plent! Det har høvt ein gong at eg har fått ja; – men so fekk eg ringen attendesendt! – – Og det var det beste som kunde hendt…»

Torvald skreiv òg ein del dikt som kan lesast som kjærleiksdikt til mannen, ikkje minst til kjærasten hans Trygve, som han ope dediserer dikt til.

Verdt å nemna er òg skodespelet Gro, der han skildrar den umoglege kjærleiken mellom ei hulder og ein menneskegut. Dette skodespelet er kanskje det stykket Torvald var mest nøgd med. Her bruker han evnene sine som lyrikar og eventyrforfattar til å skapa eit drama meint for scene. I ettertid er det lett å tenka den umoglege kjærleiken mellom Gro og Njell som ein parallell til homofile sin kjærleikskamp.

I eit anna verk, Kjærleiksvegen, kan me i ettertid òg sjå korleis Torvald kanskje gir karakteren Bjarne sjølvbiografiske trekk. Bjarne si mor lever ikkje lenger, men Bjarne hadde lova ho å leva kristent. Dette klagar han seg over til systera si, for han lir og er sjuk, og godt er det at ingen veit det.

I novellesamlinga Høg himmel som blei dedisert til Trygve, er det nærliggande å lesa verket som eit ønske om romslegare tilvære for kjærleiken mellom to menn.

Mosberghagen etter Torvald og Trygve

Både Torvald og Trygve skulle døy i Mosberghagen. Torvald seig om av hjartesvikt utanfor porten ein vinterdag i 1955. Trygve vart funnen død i senga av ein pianoelev i desember 1969. Då Trygve døydde, gjekk huset til arvingar. Det blei tatt til orde for at Klepp kommune burde kjøpa huset i Mosberghagen og ta vare på det. Kristoffer Jaarvik, tidlegare leiar i Klepp historielag oppsummerte lagnaden til kunstnarheimen slik i 2015:

«Klepp kommune fekk tilbod om å overta hus, innbu og den to mål store tomta. Men det ville ikkje kommunen, og Mosberghagen blei lagt ut til sals. Interesserte folk tykte dette var «for gale» og tok til orde for at kommunen burde sikra seg dette kulturminnet. Men på eit møte i juni 1971, kor det møtte representantar frå alle bonde- og bondekvinnelag, bygdeungdomslag, mållag og kulturutval i Klepp, fall den endelege domen. Eit samstemt NEI, til bevaring av Mosberghagen. Eigedomen blei seld, og 5. april 1974, blei diktarheimen riven og brend. Ei syrgjeleg historie, vil eg sei.»

I seinare tid og heilt fram til i dag, har mange synst det har vore vondt at den vesle stova ikkje blei tatt vare på, og soga om huset, så vel som kunstnarparet som budde der, står som noko ein må ta lærdom av .

Eit ungt kjærastpar i Mosberghagen. Foto: Klepp kommune.

Lesetips – eit utval Torvald Tu

I godluna – stubbar og smaasogur 1920

Lynglandet – dikt 1922

Høg himmel – forteljingar 1924

Fint fylgje – stubbar 1926

Kjærleik på Lykteland – skodespel 1927

Bertels gjenvordigheiter/Eld i hjartekrå – skodespel 1928

Gro – eventyrskodespel på rim 1932

Det lyser etter vegen – dikt 1940

Med eventyrskreppa: nye eventyr – eventyr 1952

Gjennom grindane – dikt 1953

Film: På Brattevoll – En hverdagshistorie fra Jæren (1937)

Musikkvideo: «Musikk» frå albumet Månesyll & tonegull med Lappeteppe

Kjelder

Gatland, Jan Olav: Torvald Tu – eit diktarliv 2008 (biografi, Samlaget)

Håland, Anne: «Torvald Tu – eit biografisk riss», Jærmuseet årbok 1993

Aure, Anton: «Torvald Tu»- i Ung Norig, nr.9, 1921

Sørbø, Jan Inge: «Nynorsk litteraturhistorie», 2018

Roalkvam, Gunnar: «1ste mai – arbeiderlyrikk frå Stavanger 1899-1927», 1985

Norsk biografisk leksikon: «Torvald Tu»

Komponistside om Trygve Johannes Stangeland, www.rogalyd.no

Gatland, Jan Olav: «Mellom linjene: homofile tema i norsk litteratur», 1990

Jonsbråten, Magnus: «Nye vandringer: omkring på Bryne, i grannelaget og enda litt lenger ut», 1994

Evjeberg, Marius: «Torvald Tu ville heller svelta i hel enn å setja boka si om til bokmål», Jærbladet 29.12.1964

Fjogstad, Karl: «Trygve Stangeland 100 år 17. mai,» Jærbladet 15. mai 1998

Intervju med Trygve Stangeland, Jærbladet 29. mai 1959

Intervju med Olga Thorgrimsen, Jærbladet 20. februar 1998

Intervju med Esther Thu, Jærbladet 19. juli 1995

Klippenberg, Arnt Olav: «Prøysen og Tu kan ha brevvekslet om homofili», i Stavanger Aftenblad, 2008

Steinnes-Lone, Solveig: «Ungmøyane og Torvald Tu», i For Bygd og By, nr.10, 1927

Tu, Torvald: «Sumt eg minnest om Arne Garborg», Dagbladet Rogaland, 7.9.1954

Obrestad, Tor: «Olav Stangeland og Torvald Tu», Intervju i Stavanger Aftenblad 1.8.1991

Obrestad, Tor: «Ei kjærleikssoge.» Bokmelding i Morgenbladet 2. mai 2008

Pollestad, Kjell Arild: «Jærsk barbari», lesarbrev, Jærbladet 3. juni 2013

Røyland, Aksel E.: Lesarbrev, Jærbladet 30. desember 1969

Jaarvik, Kristoffer: Innlegg om Mosberghagen 13. januar 2015, Klepp før i tiå, Facebook