ekstra ope onsdag 24. januar kl. 17 - 19

Har du enno ikkje fått med deg utstillinga «Smidd i tre på Haugabakka? Det er enno ikkje for seint!

Nytt sjansen og kom til Haugabakka onsdag 24. januar, då er utstillinga ope kl. 17 – 19!

«Smidd i tre» er ei utstilling med heimelaga trearbeid, både innlånte gjenstandar i privat eige og gjenstandar frå eiga samling. Her er fiskestenger, modellar, bruksting for landbruk og kjøkken, leikar og pynt til hus og heim.

Nokre smakebitar på litt av alt det fine du kan sjå:

 

 

Velkommen til Haugabakka onsdag 24. januar!