Smidd i tre

Utstilling på Haugabakka

Laurdag 14. oktober opna ny utstilling på Haugabakka.

Ei utstilling med heimelaga trearbeid. Me syner både innlånte gjenstandar i privat eige og gjenstandar frå eiga samling. Her er fiskestenger, modellar, bruksting for landbruk og kjøkken, leikar og pynt til hus og heim. Det meste er laga av pensjonistar og andre som bruker fritida si på å forma i tre. Blant museumsgjenstandane er og noko laga av bygdehandverkarar som livnærte seg av snikkararbeid.

Utstillinga vil vidare vera open laurdag 21. oktober kl 13 – 16 og sundagane 22. og 29. oktober, 5. og 12. november kl 12 – 16

Fleire av utstillarane vil vera med på enkelte av opningsdagane.

Laurdag 21. 10. er John Mæland (GalleriTre), Vegard Gjesdal og Karsten Åsland til stades og syner og fortel om det dei arbeider med ; dreide skulpturar og skåler, knivar og skutemodellar. Karsten Åsland vert og til stades sundag 22.10. med skutemodellane sine.

John Mæland og Karsten Åsland

 

Her er nokre smakebitar på alt det fine du kan sjå i utstillinga: