Sesongopning og me ryddar strendene

6. mai 2018 12:00 - 16:00
Grødaland, Nærbø
Gratis
Bli med på sesongopning på Grødaland og ryddeaksjonen “Hold Norge rent”!
Grødalandstunet har vore stengt gjennom vinteren, men det er nå rydda, vaska og klart til igjen å ta imot besøkande.
Denne dagen inviterer òg NOFO (Norsk Oljevernforening for Operatørselskap), Jæren Friluftsråd og Norsk Olje og Gass til strandryddeaksjon langs stranda på Grødaland. Dei stiller med utstyret de treng for å rydda. Det vert delt ut fine premiar som vert trekt ut blant deltakarane, og alle som er med får pølser og lappar etterpå.
Det er stylter, hestesko og andre gilde aktivitetar i hagen for ungane.
Meld dykk på ryddeaksjonen her.
Velkommen til ein gild dag!
Medarrangør til denne dagen er Hå Historielag, Nofo, Norsk Olje og Gass og Jæren friluftsråd.