Naturengene på Jæren

Jæren er dyrka opp og store delar av kulturlandskapet er grønt. Graset gir næringsrikt fôr til sauer og kyr. Fotoet nedanfor er frå Grødaland i 2010 og illustrerer situasjonen. Det er dermed eit lite utval av vekstar i det jærske kulturlandskapet. Berre i randsonene der bønder ikkje kjem til med slåmaskinene er det uorden. Her veks buskar og kratt som kan bli til større tre.

Grødalandstunet. Foto: Ingeborg Skrudland / Jærmuseet

Slik har det ikkje alltid vore. Då dei bygde husa på Grødaland, i åra frå byrjinga av 1700-talet fram til byrjinga av 1800-talet, var det jærske kulturlandskapet meir mangfaldig. Det fanst enger med rik variasjon av blomar, urter og grasartar, åkrar, kystlynghei der røsslyngplanten dominerte, myrar og små vatn. Bilda nedanfor illustrerer korleis det kan ha sett ut.

På 1800-talet var det store endringar i gardsdrifta. Gamle husdyrrasar blei skifta ut med nye, det same gjaldt planteslaga. Driftsmetodar og gjødslinga blei også endra.

I 1860-åra blei bønder oppfordra til å erstatta dei opphavlege engene med blandingar av kløver, timotei og raigras. Dei nye engene blei kalla kunstenger, dei gamle naturenger. Naturengene var karakteristiske for staden. Nokre av dei gav eit godt og næringsrikt fôr, andre var heller dårlege. Kunstengene var standardiserte frøblandingar av næringsrike fôrplanter. På byrjinga av 1900-talet var mange naturenger erstatta av slike kunstenger. Samtidig blei myrar drenerte og vatn tappa ut for å skaffa meir dyrka mark. Kystlyngheia blei gjødsla og pløgd, og forholda lagt til rette slik at graset skulle trivast.   

Stegvis blei Jæren eit grønt og høgtytande kulturlandskap, dominert av grasartar. Samtidig forsvann eit opphavleg rikt biologisk mangfald.