Insekta

Vilkåra for ville pollinerande insekt i Norge er gradvis blitt verre og no er heile 25% av dei på raudlista. 16% er alvorleg trua. Pollinerande insekt er viktige i frøsetjinga og i matproduksjonen. Vi er avhengige av desse insekta, likevel set vi dei under press. Leveområda deira blir bygd ut, klima endra, vi innfører framande artar og bruker plantevernmiddel.

Ved å etablera stadeigne blomeenger i hagar og i randsoner til åker og eng bidreg vi til ei anna utvikling.

I dette prosjektet vil vi kartlegga insekta som held til i tilknyting til prøvefeltet. Vi håper og trur at det skal bli fleire artar insekt etter kvart som plantesamansetjinga i prøvefeltet endrar seg.

Kanskje vil me sjå desse artane?

Åkerhumle Bombus pascuorum

Ei hardfør humle. Ho kan vera aktiv i overskya vêr og seint på hausten. Åkerhumla er typsik raudoransje med svart, breitt band på bakkroppen.

Foto: Arnstein Staverløkk / Norsk institutt for naturforskning

Trehumle Bombus hypnorum

Ein vanleg art. Karakteristisk er brunleg mellomkropp og kvit bakstuss. Trehumla lagar bol i husveggar, fuglekassar eller holrom i tre. Ho kan bli aggressiv dersom ho blir forstyrra i bolet.

Foto: Arnstein Staverløkk / Norsk institutt for naturforskning

Lys jordhumle Bombus lucorum

Vanleg art. Det kan vera vanskeleg å skilje arten frå dei andre jordhumleartane. Karakteristisk for hannen er lyse hår i ansiktet. Lys jordhumle har bol nede i jorda. I bola kan det vera 200—250 individ.

Foto: Arnstein Staverløkk / Norsk institutt for naturforskning

Mørk jordhumle Bombus terrestris

Dette er den største og kraftigaste av jordhumlene. Den var ikkje observert i Norge før i 1950, no er det ein vanleg humleart. Humla blir ofte brukt som bestøvar i veksthus. I 2013 og 2014 blei det innført bol frå utlandet.

Foto: Arnstein Staverløkk / Norsk institutt for naturforskning