Prosjektet “Frå robotplen til blomstereng” har fleire mål:
- Å etablera eit større biologisk mangfald og ein meir historisk rett naturtype på Grødalandstunet.
- Å undersøka ulike metodar for å etablera blomstereng. Kan vi få det til utan å skifte ut jorda?
- Å inspirera andre til å etablera store eller små soner som tek vare på pollinerande insekt.
Klimaet på Jæren er mildt og det er rikeleg med nedbør. Jorda er gjerne rik på næringsstoff etter lang tid med jordbruksdrift og intensiv gjødsling. Desse faktorane gjer det vanskeleg å etablere ei blomstereng. Plantene i slike enger likar næringsfattig og tørr jord. For å fjerna næring frå feltet slår vi plantene og rakar vekk vegetasjonen to gonger i sommarsesongen.
Vi prøver fire metodar for å etablera blomstereng. Årleg vil metodane blir evaluert og eventuelt endra slik at blomane kan utvikla seg best mogleg. NIBIO er fagleg ansvarleg for prosjektet.
Rute 1: Referanserute
Problemstilling: Kva skjer når me sluttar å slå plenen ofte? Kva planter vil då ta over?
Tiltak: Slutta å slå plenen.
Rute 2: Så i striper
Problemstilling: Kan blomsterfrø spreia seg og blomane etablera seg i graset? Eller vil grasplantene ta over?
Tiltak: Slo graset tett ned til torva og skar vertikalt ned i torva. Tok vekk torva i striper i feltet. Sådde frøblanding i stripene.
Rute 3: Plante pluggplanter
Problemstilling: Klarer blomar å etablera seg og spreia seg i graset?
Tiltak: Slo graset tett ned til torva og skar vertikalt ned i torva. Planta pluggplanter i plenen.
Rute 4: Fjerne grastorv og jord, så
Problemstilling: Å fjerne torv og jord, og deretter fylla på næringsfattig jord for til slutt å så i frø er arbeidskrevjande og kostbart. Kva blomstereng etablerer seg med eit slikt tiltak? Og kva skilnad blir det mellom prøvefelta?
Tiltak: Fjerna grastorv og jordlag ca. 30 cm djupt. Tilførte næringsfattig jord. Sådde.
Litteratur
Departementene. (2021). Tiltaksplan for ville pollinerende insekter 2021-2028.
Svalheim, Ellen. (2021). Frøboka. Fagbokforlaget.
Serigstad, Jan. (1979). Utviklinga i jordbruket i Time mellom 1865 og 1907. Hovudfagsoppgåve i historie, Universitetet i Bergen.