Med fiber mellom fingrane

Familiedag på Grødaland

2. september 2018 12 - 15
Grødaland

Familiedag med fokus på handarbeid, kreativitet og gjenbruk.

Her vert mange gilde ting de kan laga og sjå.

Før i tida laga alle det dei hadde bruk for sjølv. Dei måtte læra å sy, bøta, lappa sko, sy om, fiksa og nytta det dei hadde.
I dag kan det vera gildt å friska opp gamle kunster og finna kreative måtar å fiksa klede og utstyr, men òg laga sitt eige heilt frå botnen.

Denne dagen vil me prøva å formidla litt av nøysemda i tidlegare tider.

De kan laga dykkar eigen vev og veva med filler og restegarn. Sjå korleis me lagar sevsko, sy lappeteppe, fletta, laga makramé m.m.

Det vert sal av lappar og kaffi.

.