Talentsenteret: «Skjerpar den kreative sansen»

Me er nå inne i det tredje skuleåret med Talentsenteret på Jærmuseet. Dei to første var prega av korona, men nå går opplegget som det skal.

to gutter ser på gammel skrivemaskin

Talentsenteret tar imot 150 elevar kvart skuleår, fordelt på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande. Samlingane foregår på Vitenfabrikken i Sandnes og Vitengarden på Nærbø; men også på Gamle Slaktehuset i Haugesund, på universitetet i Stavanger og hos lokale bedrifter.

Me får vera med ein dag på Vitengarden, i lag med gruppa med elevar frå den vidaregåande skulen. Dei har fått i oppgåve å laga eit mobilt escape-rom. Dei har vore på gjenbruksbutikken og handla inn all slags raritetar, slik at dei både kan få idear og ha gjenstandar til bruk i escape-rommet. 

Jærmuseet fekk oppdraget frå Utdanningsdirektoratet: å starta opp eit såkalla “talentsenter” i realfag. Ordninga med talentsenter ved vitensenter er ei følgje av realfagsstrategien «Tett på realfag», utarbeida av Kunnskapsdepartementet i 2015 og NOU «Meir å hete» i 2016. Med Jærmuseet er det seks slike talentsenter i Noreg. Tilbodet går ut til elevar i det meste av Rogaland, og er for elevar frå mellomtrinnet til VG2.   

Målgruppa er elevar med stort læringspotensial, dei som presterer, eller har potensial til å prestera, på eit høgt fagleg nivå. Desse er like ulike som alle andre elevar, men har noko felles. I større grad enn sine jamaldringar kan dei: raskere forstå omgrep innanfor realfag, lettare sjå samanhengar, tenka meir abstrakt, tenka meir komplekst, er meir nysgjerrige, brukar lengre tid på utforsking og likar å spekulera kring moglegheitar, har høgare konsentrasjonsevne, kan utfordra læraren med ei rekke «Kva om …?»-spørsmål, er utolmodige og ønsker variert arbeid. Dei kan visa sterk motvilje mot oppgåver som er for lette eller lite motiverande, men held gjerne fram til neste nivå dersom emnet er interessant.  

10-15 % av dei norske elevane passar inn i denne gruppa. 

For å koma i betraktning må Jærmuseet motta ein søknad der både læraren, foreldra og eleven sjølve bidrar. Sjølv om det er mange søkarar, ønsker Jærmuseet seg fleire, og gjerne jenter. Tilbodet er gratis, både for elevane og skulane. Skyss er inkludert. 

Oppgåvene dei får på samlingane skal vera utforskande, og har ofte ingen fasit. Dermed får elevane bryna seg skikkeleg. Dei må verkeleg tenka sjølv, og får utfordringar det kan vera vanskeleg å tilby dei i den vanlege skulekvardagen. Dei har mellom anna fått varmluftballong til å sveva over ein brødristar, programmert eit micro:bitorkester og eksperimentert med ulike hevemiddel i baking. 

Me snakka med to elevar, Daniel og Vilja. 

Daniel (19), Kverneland, går på St. Olavs vgs i Stavanger. Han seier han går på St. Olav fordi dei tilbyr forskarlinje. Er interessert i realfag. Begynte med programmering i femte klasse. Heime har han 3D-printer, som har blitt ein altoppslukande hobby. 

Daniel er nummer to frå høgre.

«Det er lett å bli kjent med folk på Talentsenteret. Me jobbar nært med einannan. Opplegget er veldig bra, eg lærer mykje nytt. Dette skjerpar den kreative sansen for realfag. Eg blir motivert til å fortsetta. Trur mange av oss synest det er for lite utfordring i matte på skulen.» 

Han går eitt trinn over aldersgruppa si i matte, og trur at mange på Talentsenteret har det på same måten. 

«Og så er det veldig hyggelege lærarar. Dei er laidback. Det er annleis enn på skulen, og det er bra. Eg synest berre det er synd at eg ikkje får vera med neste år.» 

Vilja (16), frå Gausel, går i første klasse på St. Olav. Ho interesserer seg aller mest for språk og litteratur, men seier ho har fått større interesse for realfag gjennom Talentsenteret.  

“Her får me det kreative med realfag i tillegg, og me får bruka teorien i praksis. Det er kule og varierte oppgåver. Eg er veldig fornøgd.” 

Ho kjente ingen frå før, men seier at det gjorde ingenting. 

“Kva eg drøymer om? Eg vil gjerne jobba på forlag og skriva bøker.”  

Vilja.

Kjenner du nokon som kunne vore med på Talentsenteret? Søknadsskjema for neste skuleår ligg ute, med søknadsfrist 7. mai 2024.

Les meir om talentsenteret og søk her.