Super:bit til skulane

Tilbod om besøk på/av Jærmuseet, utstyr og lærarkurs innan programmering

Sper:bit er ei nasjonal satsing og skal nå dei aller fleste 6. klassingane i landet. Foto: Rune Helliesen

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet tilbyr Jærmuseet super:bit, eit tilbod for å styrka programmeringskompetansen i skulen. Gjennom super:bit tilbyr Jærmuseet gratis lærarkurs og skuleprogram for elever på 6. trinn.

Alle skular får tilbod (gjeld 6. trinn)

I løpet av dei to neste skuleåra (2019/20 og 2020/21) vil dei regionale vitensentera samla tilby alle skular i Norge både elevkurs og lærarkurs. Sparebankstiftelsen DNB har støtta prosjektet, slik at alle skulane som deltek på lærarkurs får eit klassesett med programmeringsutstyr. Utstyret er hovudsakeleg micro:bit med ekstrautstyr.

Deltaking på lærarkurs gjev gratis klassesett til ein verdi av fleire tusen kroner

Me inviterer lærarar på mellomtrinnet på gratis lærarkurs. Etter gjennomført lærerkurs får deltakarane ein utstyrspakke til skulen. For å få utstyrspakken må minst to lærarar frå skulen delta på kurs. Dette er for å sikra at skulen har den nødvendige kompetansen for å ta i bruk utstyret.

Først lærerkurs i regi av Jærmuseet, så undervisningsopplegg på skulane, eller på Vitengarden eller Vitenfabrikken

Etter deltaking på lærarkurs kjem anten Jærmuseet si omreisande avdeling, Science Circus, på besøk til skulen, eller skulen reiser på besøk til Vitengarden eller Vitenfabrikken. Der gjennomfører me eit gratis to-timers undervisningsopplegg (120 minutter) for elevane på 6. trinn. Undervisningsopplegget lærar elevane å bruke programmeringsutstyret. For å få logistikken til å gå opp, avgjer me kven som får besøk eller får koma på besøk.

På mindre skular kan det vera aktuelt å gje elevkurset for fleire trinn, eller at me samkjører elevkurset for fleire skular på eit felles samlingspunkt.

Både lærarkurs og undervisningsopplegg er gratis. Det einaste skulane må dekke sjølve er vikartimar, og i nokre tilfelle transport. Etter gjennomført lærerkurs eig skulen programmeringsytstyret.

Me er i gang

Jærmuseet tilbyr lærar- og elevkurs til skular i Rogaland. Me har tidlegare sendt ut informasjon til alle skulane, og har gjennomført opplegget med over 50 skular og 3500 elevar så langt.

Lærarkurs i programmering vert halde på Vitengarden, Vitenfabrikken og ute med ujamne mellomrom. Skular som har meldt si interesse, får informasjon om tid og stad for lærarkurs. Kurset gjev ei innføring i programmering av micro:bit og bruk av tilleggsutstyr. Deltakarane får kompetanse i å undervisa elevane i programmering. Undervisnings-oppleggena er i utgangspunktet for elevar på mellomtrinnet, men kan og brukast for både yngre og eldre elevar. For å kunne gjera føre- og etterarbeid til undervisningsopplegget, treng elevane eigen PC, Chromebook eller iPad. Under sjølve elevkurset nyttar elevane Jærmuseet sine PC-ar.

Gratis utstyr til skular som har delteke på kurs:

  • 20 micro:bits med USB-kabel og batterihaldar
  • 10 Bit:bot XL– sjølvkøyrande robot
  • Ekstrautstyr som servoar, LED-lys, krokodilleklemmer etc.
  • Smartby-matte til å køyre på
  • Lærarveiledning og instruksjonar

Programmering og micro:bit gjev mange moglegheiter

Undervisningsopplegget rundt micro:bit er relevant for fleire fag, og spesielt i matematikk, naturfag og samfunnsfag. Forutan programmeringsutstyret tilbyr me nettbaserte føre- og etterarbeid, samt ekstraoppdrag (fordjupning) som lærar kan gjera med klassen.

Tidsbruk for heile undervisningsopplegget:

  • 2 skuletimar med førearbeid på skulen (lærar gjer saman med elevane)
  • 2 timar (120 minutt) med undervisningsopplegg (Jærmuseet gjennomfører kurset saman med lærar)
  • 4 skoletimer med etterarbeid på skolen (lærer gjør sammen med elevene)

Meld interesse på vegne av skulen i skjemaet nedanfor, så vil me ta kontakt med meir informasjon om lærarkurs og dato for besøk.