Statoil vert ny hovudsamarbeidspartnar for Jærmuseet

Jærmuseet har i dag, 13. desember, signert sponsoravtale med vår nye hovudsamarbeidspartnar, Statoil. Verdien på avtalen er kr. 9 millionar. Den økonomiske støtta skal vera med på å styrka Jærmuseet si rolle som regionalt vitensenter og stimulera barn og unge si interesse for naturvitskap og realfag i regionen, med sæskilt fokus på temaet «Energi og miljø». Støtta vil i hovudsak gå til å bygga nye utstillingar, laga nye formidlingsopplegg og fleire aktivitetar på anlegga Vitenfabrikken, Vitengarden og det omreisande vitensenteret Science Circus.

statoil_signering_nett

«Gjennom å støtta dei regionale vitensentra ønskjer me i Statoil å inspirera unge til å interessera seg for forsking, realfag og teknologi. Både me og samfunnet treng unge med interesse for realfag for å løysa morgondagens utfordringar», seier teknologidirektør i Statoil, Siri Espedal Kindem.

stjernekraft_robot2

Signeringa av avtalen skjedde på Vitenfabrikken, og markerte samstundes starten på prosjektet «Energi og miljø». Elevar frå Sandnes vgs vart sist veke utfordra til å laga modellar som symoliserer energi og miljø i framtida. Desse modellane er nå stilt ut på Vitenfabrikken og her kan du sjå film frå prosessen, som vart leiar av Jazzmontør.

statoil_mlfrid

Diretør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland, var særs glad for at Statoil vel å støtta opp om Jærmuseet si satsing for å auka interessa for realfag blandt barn og unge. «Dei ekstra midlene me nå får gjer det muleg for oss å nå ut til enda fleire, og det vil og føra til at fleire skular kan besøka oss. Med desse midlene skal me laga gode utstillingar og formidlingsopplegg, der me knyttar realfaga til regionen si historie» avslutta Snørteland.

For meir informasjon, kontakt:

Direktør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland, telefon 913 90 361

Media Relations Officer i Statoil, Liv Jannie Omdal, telefon 976 67 137

Les om hendelsen på Stavanger Aftenblad sine sider: http://www.aftenbladet.no/lokalt/sandnes/Milliondryss-til-Jrmuseet-2905399.html