#standwithukraine

Jærmuseet går saman med dei andre musea i Stavanger-regionen med støtte til Ukraina.

Musea i Stavanger-regionen, – Arkeologisk museum, UiS, Norsk Oljemuseum, Museum Stavanger og Jærmuseet – går saman om å vise samkjensle og solidaritet  med museum- og vitensenterkollegaer i Ukraina, det ukrainske folket og deira kamp for demokrati og fridom.

Mange er på flukt, og endå fleire er igjen og må gå i dekning eller i kamp for landet sitt.

Sanninga er krigens første offer, historia vert forvrengt og kulturinstitusjonar og kulturminne vert utsette mål.

Helga 5. og 6. mars vil musea i Stavangerregionen visa si støtte ved å gi eit bidrag av billettinntektene våre til Flyktninghjelpen sitt arbeid i Ukraina og i områda rundt.

For Jærmuseet sin del vil dette gjelda billettinntekter frå Vitenfabrikken laurdag, og frå Vitengarden sundag.   

Støtteerklæringar

Me står heilhjarta bak Norges museumsforbund (NMF) , International Council of Museums – ICOM og Ecsite sine støtteerklæringar til kollegainstitusjonar i Ukraina.