Sjå Jæren 2021

Årboka Sjå Jæren 2021 er nå ute i butikkane!

Sjå Jæren 2021 er den 32. årgang av Jærmuseet si årbok. Årboka inneheld ti artiklar, kor halvparten er førte i pennen av eigne museumstilsette og den andre halvparten av eksterne bidragsytarar. Artiklane spenner vidt, med stor variasjon i både tematikk, perspektiv og lengd. Her bør det vera noko interessant å lesa for ein kvar smak.

Artiklane i årboka

Korleis hadde kvinnene det på gardane i eldre tider, og korleis var livet til kvinnene på Grødaland i Hå? Lisabet Risa er historikar og skriv om lagnaden til to av konene på garden i eit nasjonalt og eit lokalt politisk perspektiv.

Abelloftet på Vitenfabrikken er oppkalla etter Niels Henrik Abel. Fredrik Motland Kirkemo fortel om oppveksten, skulegangen og dei ulike prøvingane Abel måtte gjennom i sitt relativt korte liv.

Om du ikkje veit kva ein pinfant er, så bør du lesa den korte men informative artikkelen til Jærmuseets sin eigen arkivar, Ragnhild Tunheim. Pinfant kjem i mange variantar og har lange tradisjonar i Rogaland.

Sigbjørn Reime er ein Garborg-kjennar og i sitt bidrag i åroka skriv han om Ane Olina Garborg, mor til diktaren Arne Garborg. Det er ei spanande historie om den hardt prøva gardskona på Garborg.

Artikkelforfattar Otto Lauritz Fuglestad har levert fleire årboksartiklar i «Sjå Jæren». Denne gong skriv han om sin tidlegare lærar Magnus Grov, som i tillegg til å vera lærar også var ein habil kunstmålar. I artikkelen Ein draum og eit liv visar me nokon av kunstverka til Magnus.

Jærmuseets Stian Ravndal har vore på leit etter gamalt kyrkjeinventar frå Gjesdal kyrke, nærare bestemt ein kyrkjestol og ein benkevange. Les historia om koss han gjekk fram, og om han lykkast i å finne dei.

Å få tak i ein av dei fyrste DBS-syklane frå 1930-talet er nærast uråd. Dei som er aktuelle er ofte både rusta og øydelagde. Men kva om det fanst eit brukbart eksemplar og at eigaren hadde lyst å gje det i gåve til museet? Les historia i artikkelen «En DBS er kommet hjem» av Jan Erik Holmen.

«La humla suse» er eit omgrep dei fleste kjenner til. Det er akkurat det artikkelen til Knut G. Austad tek for seg. Gartneria må ha humler for å pollinere tomatplantane sine, så sjølv om humleoppdrett på Jæren er ei relativ lita og ny næring, så er den særs viktig for dei som driv gartneri.

Norsk tempoklubb har runda 30 år. Det er ein stor og landsdekkjande klubb med over 5500 medlemmar, alle med djup dedikasjon til Tempo. Artikkelforfattar Ole-Petter Aareskjold skriv om klubben i sitt hjarte.

Den siste artikkelen i årboka er skriven av tidlegare jordbrukssjef i Hå kommune, Olav Magne Tonstad. Han skriv om driftsbygningar på Jæren frå 1960 og fram til i dag. Her fortel han både om utviklinga han sjølv har vore med på å observert og hovudtrekka i landsbruksbusetnaden det siste hundre året.

Ein årbokserie er over

Med denne utgåva endar Jærmuseet sin årbokserie som starta i 1989. Sidan då har museet gitt ut i alt 32 årbøker. Tidlegare hadde ein bokseriane «Årbok får Jæren» (utgitt av Rogaland Historie- og ættesogelag) og «Frå bygd og by i Rogaland» (utgitt av Rogaland Fylkesmuseum) som hadde ein trufast lesarskare, og mange historieinteresserte på Jæren sakna ein lokalhistorisk publikasjon. Som eit nokså nyetablert regionmuseum kjende Jærmuseet eit ansvar for å ta opp att denne tradisjonen.

Då den første årboka blei lansert i 1989 var tanken vår «...å gjera jærbuane kjende md sin eigen bakgrunn. Det vil vera med å gi eit klarare perspektiv på vår eiga samtid og skapa større forståing for den historiske samanhengen me er ein del av. (…) Målet er å presentera eit bredt og variert stofftilgang når det gjeld emne, geografi og tid – frå forhistorisk tid til vår eiga samtid».

Sidan oppstarten har museet samarbeidd med ei rekkje kunnskapsrike og engasjerte personar som har bidratt med artiklar om svært ulike tema, og som har formidla ny kunnskap om Jæren og om jærbuen. I tillegg har museet sine eigne fagpersonar bidratt til innhaldet, og slik formidla mykje av forskinga, dokumentasjonen og anna arbeid museet utførte desse åra.

Om årboka nå vert avslutta i si nåverande form, betyr det likevel ikkje at museet vil slutta å publisera lokalhistoriske artiklar eller anna fagstoff. Tvert om tar me sikte på å skriva fleire artiklar om ulike emne, både historiefaglege artiklar, reportasjar m.m. Men også publiseringsmåtane endrar seg, og Jærmuseet kjem i framtida til å publisera mykje meir stoff digitalt.