Sjå Jæren 2018

Jærmuseets 30. årbok er i handelen

For 30. året på rad, gjev Jærmuseet ut årboka Sjå Jæren. I år er det 150 år sidan Jonas Øglænd opna krambua si i Sandnes, og difor naturleg å formidla det som skjedde i Sandnes frå den gongen og fram til i dag. Fleire av artiklane set fokus på fabrikkane og dei som jobba der.

Ernst Lapin har festa blikket på den gongen firmaet var i si storhetstid og skulle feira sine første hundre år, ei gledeleg hending i Sandnes i det elles innhaldstunge året 1968. Jan Erik Holmen fortel om sin venn og kollega, Rasmus Rasmussen, og det arbeidet han la ned i bedrifta Jonas Øglænd i over femti år. Rasmussen ivra for etablering av bedriftsmuseet og entusiasmen hans smitta over på forfattaren som også vart engasjert i museumsarbeidet. Målfrid Grimstvedt og Berit Bass ser i sin artikkel «100 års bryggeri» på sjølve bygningane til Jonas Øglænd. Kva tid kom dei, kva blei dei brukte til og kvifor ser dei ut som dei gjer? Fleire av desse bygningane pregar fortsatt Sandnes.

I tillegg skriv Svein Ivar Langhelle om den karismatiske presten og vekkelsespredikanten Lars Oftedal. Kvifor er forteljingane om maktkampen mellom Oftedal og motstandaren hans, Sandnespolitikaren og fråhaldsaktivisten Mauritz Kartevold, nesten ukjente, mens forteljingane om Oftedals storheit og kraft, eller om svik og nederlag, er dei som lever? Ingebret Hodne fortel historia om kråkefangst på Jæren. I tronge tider, som under den andre verdskrigen, var kråka sett på som ei delikatesse – elles har det til dels vore ført ein systematisk kråkekrig for å bli kvitt desse «luftas rotter». Egil Harald Grude har sett på Karsten Åsland sine to livsverk: eit i yrkeslivet og eit som modellbåtbyggar, der lesaren særleg blir kjent med det siste. Forfattaren lar oss møta ein entusiastisk pensjonist som i over 70 år har hatt modellskipsbygging som den store hobbyen sin. Meir enn 70 flotte båtar, møbler og anna trearbeid er resultatet av timane i hobbyrommet. Dette er arbeid av høg kvalitet, noko som har ført til at Karsten Åsland både har fått bygga og restaurera kyrkjeskip.

Boka er tilgjengeleg i museumsbutikkane på Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret. Lansering torsdag 29. november kl. 13.00, Vitenfabrikken, Storgata 28, Sandnes.