Sjå Jæren 2013: Kvinnestemmer

Nytt bilde 2

Sjå Jæren 2013: Kvinnestemmer

Årboka til Jærmuseet, Sjå Jæren, har i år fått tittelen «Kvinnestemmer». I år markerer Stemmerettsjubileet at det er 100 år sidan innføringa av allmenn stemmerett i Norge. I dag er dette sjølvsagt i vår del av verda, men for 100 år sidan var det ikkje slik. Den stegvise utvidinga av stemmeretten for kvinner fram mot innføringa av allmenn stemmerett i 1913, er ein milepæl verd å minnast.

Det er difor naturleg å la «Kvinnestemmer» tala i årboka for 2013. Gjennom historiene til 20 kvinner, busette i Sandnes, får me del i kvardagsliv og opplevingar. Utvalet av kvinner gir seg ikkje ut for å vera representativt, men historiene vert ikkje mindre interessante og verdfulle av den grunn.

Det er Torbjørg Sægrov og Sigmund Alsvik som står bak presentasjonen av dei 20 kvinnene. Dei har gjennomført eit imponerande arbeid. Gjennom tekstar og foto formidlar dei kvinneportrett som gir lesarane spennande og varierte livshistorier og tidsbilde frå omlag 1920 og fram til i dag. Viktig kvardagshistorie frå vår nære fortid vert levande og nær.

Boka vart lansert på Vitenfabrikken 21. oktober med dei aller fleste av dei intervjua kvinnene til stades. Den kan kjøpast i butikkane på Vitengarden, Vitenfabrikken og Garborgsenteret, og i bokhandlarar i distriktet frå fyrste veka i november.