Signering i Sola

201201203mgr_010_MSN_ordfrar_Stor

Direktør Målfrid Snørteland signerte medan ordførar Ole Ueland følgjer med.

Omlag 40 inviterte gjester var med då ordførar Ole Ueland i spissen for fire partar signerte avtaledokumenta torsdag 20. januar 2012 i Sola kulturhus: Sola kommune, Flyhistorisk Museum Sola, Rogaland Krigshistoriske Museum og Jærmuseet.

Frå 1. januar 2012 tok Jærmuseet over drifta av Flyhistorisk Museum Sola og Rogaland Krigshistorisk Museum. Båe musea ligg i Sola kommune, er organisert som stiftingar og har aktive venneforeiningar. Flymuseet si store flysamling er utstilt i ein verneverdig hangar ved Stavanger lufthavn. Anlegget omfattar også verkstad, møtelokale, bibliotek og magasin. Krigshistorisk Museum har basisutstilling i ein nedlagd militærleir der det også er verkstad, forsamlingslokale, arkiv, magasin og ein hall til den store samlinga av militærkjøretøy.

Musea sine venneforeiningar driv kontinuerleg restaureringsarbeid, møteverksemd , aktivitetsdagar og gjev monalege økonomiske bidrag til sine respektive museum. Foreiningane skal i samarbeid med Jærmuseet stå sentralt i verksemda.

201201203mgr_024BirgerS_ISO

Styreformann i Stiftelsen Flyhistorisk Museum Sola, Birger Strand og Jærmuseet sin konservator Inger Smidt Olsen, som har arbeidd i FMS sidan 1997 var to av fleire som blei hedra med blomar denne kvelden.

201201203mgr_013_BrgeS_MSN_ordfrar

Styreformann i Stiftelsen Rogaland Krigshistorisk Museum Børge Sørensen underskriv avtalen om konsolidering.

Det var fleire som minna om at planane for det vidare arbeidet er å samlokalisera dei to musea i Sømmevågen. Her er plassen for å formidla fly- og forsvarshistorie i eit langt perspektiv: Frå Hafrsfjord til Jåttå.

I desse dagar er Jærmuseet i ferd med å tilsetta ein fagkonsulent som skal ha ansvar for drifta av dei to musea.