Sett i gang byggesteg 2!

«De får besøk!»

Måndag 8. oktober skulle statsbudsjettet for 2013 leggjast fram. Same dag venta me på Vitenfabrikken gjevt besøk frå hovudstaden. Seint sist veke kom det ein telefon med beskjed om at statsråd Anniken Huitfeldt ville koma til oss. Og ho skulle ikkje koma aleine. Fleire politikarar skulle vera med, både frå regjering og frå litt meir lokale traktar i Sandnes. Eit fylgje på rundt 10 personar. Kaffe ville dei ha, men så mykje meir enn det måtte me ikkje styra med. Direktør Målfrid Snørteland fiska etter meir informasjon. «Kva skal de på Vitenfabrikken?». Det fekk ho veta på måndag, var svaret.

Det byrja å surra i gangane, både på Vitenfabrikken og ute på Nærbø. Besøk frå hovudstaden er alltid gildt. Men i kva ærend kom dei?

Det er måndag og klokka blir ti. Forslag til statsbudsjett vert offentleggjort Telefonen til direktør Målfrid byrjer å ringa. Det er media. Frå NRK, Jærbladet og Stavanger Aftenblad. Dei har sett det same som Målfrid. I budsjettet for 2013 er det lagt inn ei investeringsstøtte til Vitenfabrikken på 4 millionar kroner. Det er berre å bestille kake!

22 millionar kroner totalt
Rundt klokka 14 kjem statsråd Anniken Huitfeldt med fylgje til Vitenfabrikken. Stortingsrepresentant Hallgeir Langeland hadde då venta ei stund, han hadde sjølvsagt teke toget! Talen frå statsråden var klar: «det er berre å setta i gang med byggesteg 2 på Vitenfabrikken!» I forslag til statsbudsjettet så har regjeringa for 2013 lagt inn ei investeringsstøtta på 4 millionar kroner, men den totale summen som vert bevilga til Vitenfabrikken er 22 millionar kroner over dei neste åra. Statsråd Huitfeldt la i sin tale vekt på at Vitenfabrikken er eit nasjonalt kulturbygg. Kaka med teksten «Vi er i gang» vart spretta.

JÆ20121008btp 37
Biletet: Ordførar i Sandnes kommune, Stanley Wirak, saman med statsråd Anniken Huitfeldt, stortingsrepresentant Hallgeir Langeland og direktør i Jærmuseet, Målfrid Snørteland.

Sandnes byhistorie og regionen si industrihistorie skal fram
I byggesteg 2 på Vitenfabrikken skal den gamle sykkelfabrikken i Solaveien 10 byggast om til eit byhistorisk – og industrihistorisk museum. Den stolte sykkelhistorien til Sandnes og syklane i Øglænd-samlinga skal fram saman med blandt anna potteri- og Figgjo-samlingar. Byggesteg 2 vil òg inkludera arkiv, kontor til administrasjonen og matteloftet i topp-etasjen skal rustast opp.

Byggesteg 2


Biletet: Askim/Lantto har teikna skissene til byggesteg 2. Her ser ein korleis bygningane til Vitenfabrikken vert sjåande ut saman.

Total kostnadsramme på 2. byggesteg er 44 millionar kroner. Jærmuseet har søkt staten om 22 mill, Sandnes kommune om 16 mill og Rogaland fylkeskommune om 6 mill. Med gladmeldinga frå statsråd Huitfeldt i dag så vert heile søknadssummen frå staten innvilga i løpet av dei neste åra. Til stades på Vitenfabrikken i dag, var òg ordførar i Sandnes, Stanley Wirak. Til kommentar på om Sandnes kommune ville fylgja opp med dei 16 millionane som det er søkt om, så svarte Wirak «Det er underleg om Sandnes kommune ikkje skal få det til».

Statsbudsjettet gjev løft til vitensentra
Statsbudsjettet for 2013 foreslår òg å auka drift av 8 vitensentre i landet med kr 8,8 mill kroner frå 2012. Foreininga Norske Vitensentre ser i utgangspunktet positive på denne aukinga. Etter fleire år med knapp inflasjonsjustering i støtta til vitensentra så er det gledeleg å sjå at noko av dette etterslepet vert teke igjen på budsjettet for 2013, med et løft på 30% frå året før. Dette viser at regjeringa ser bidraget vitensentra gjer til realfagsatsinga i landet.