Regionsmusea i Rogaland og Rogaland fylkeskommune går saman for å ta eit felles løft for å vurdera tilstand, registrera og formidla samlingane ved musea i heile fylket.
I 2013 vart det lyst ut to stillingar i ein prosjektperiode på 3 år, og i januar kunne både prosjektleiar og prosjektmedarbeidar starta opp i dei nyoppretta stillingane. I tillegg er regionmusea si stilling som felles tekniske konservator også lagt til dette teamet i denne perioden.
Det er med andre ord tre personar som i dei neste tre åra skal ha heile fylket som sin arbeidsplass. Fylket finansierer desse stillingane og musea bruker tilsvarande arbeidskraft av eigne ressursar på fellesprosjektet.
Jærmuseet har arbeidsgjevaransvaret for dette mobile samlingsforvaltningsteamet. Dei har fått kontor på Vitenfabrikken i Sandnes. Prosjektleiar for teamet er Per Inge Bøe og prosjektmedarbeidar er Jeanne Dalbu og Eirik Aarebrot. Det er oppretta ei styringsgruppe for arbeidet.
Her er musea og fylket med: Dalane Folkemuseum, Ryfylkemuseet, MUST, Haugalandsmuseene, Norsk Oljemuseum, Jærmuseet og Rogaland fylkeskommune.
Teamet skal arbeida periodevis på alle regionmusea i Rogaland. I samarbeid med det enkelte museet vil det bli sett opp konkrete oppgåver som skal løysast. Her vil samlingsteamet arbeida saman med personale på det enkelte museet. T.d. har Jærmuseet planlagt sitt første prosjekt: Eit magasin med mindre tre- og metall gjenstandar frå Hå bygdemuseum og museet si eiga samling skal tømmast. Magasinet skal få rullearkiv, gjenstandane skal vurderast, fotograferast, registrerast i Primus, pakkast og flyttast inn i ny og betre orden. I tillegg skal gjenstandane publiserast på Digitalt museum. Ved å gjera dette som en samla, godt planlagt aksjon med mykje mannskap, reknar ein med å kunna jobba rasjonelt og effektivt.
Me ynskjer det nye teamet velkomne til Jærmuseet!