Samefolkets dag: Ein refleksjon om museale blindsoner i formidling av kulturarv

Jærmuseet ønskjer i anledning samefolkets dag den 6. februar, å reflektera over representasjon, ikkje berre med tanke på kven som får formidla historia, men òg korleis dette blir gjort og påverkar musea si formidling av felles kulturarv. Me har difor intervjua vår samlingsforvaltar Jeanne Dalbu ved avdelinga Dokumentasjon og samling for å høyra hennar tankar rundt dette viktige temaet. 

– ”Dette er ei viktig problemstilling, særleg når det gjeld historiske framstillingar av minoritets- og urfolkskulturar. Når formidlarar av kultur forsøkjer å skildra ein folkegruppes daglegliv utan å sjølv høyra til denne folkegruppa eller kulturen, kan framstillinga ofte pregast av eit utanfråblikk,” forklarar samlingsforvaltar Dalbu og utdjupar. 

“Manglande kunnskap og innsikt kan føra til feilaktige framstillingar. Kunstnaren kan ha basert seg på samtidas oppfatningar, som ofte var prega av koloniale eller eksotiserande perspektiv. Slike bilete kan i verste fall vera med å forsterka skeive narrativ og misforståingar om folkegruppa.” 

Samiske motiv i kunst og samling 

Bakgrunnen for at Jærmuseet ønskjer å lyfta fram denne refleksjonen ligg i ein gjenstand som finst i samlingane. Den ildfaste forma, som viser samiske motiv, er frå Steinflint Stavanger. Sigbjørn Stangeland, museumsarbeidar ved Vitenfabrikken i Sandnes, eitt av Jærmuseets museum og vitesenter, anslår at fatet er produsert ein gong mellom 1960 og 1968. Korvidt kunstnaren har samisk opphav eller kulturell tilknyting er uvist, men ut ifrå det me veit om dei andre kunstnarane frå tilsvarande måleri, er sannsynet veldig lite. 

 Jærmuseet ønskjer meir informasjon om kunstnaren velkommen, i mellomtida reiser denne ildfaste forma, samisk kunstnar eller ikkje, spørsmål knytt til kulturarvsformidling som det er viktig å ta opp i musea. 

Koloniale blindsone i musea 

I Tidsskriftet Museum har ein gjennom 2024 kunna lesa artikkelserien Koloniale Blindsoner frå journalist Lene Christensen, som har sett nærmare på korleis norske museum forvaltar si tunge koloniale arv. Artiklane har handla om blant anna slavehandel i norsk sjøfart på KUBEN (fylkesmuseum i Aust-Agder), avkolonisering av musea og om den norske koloniseringshistoria si påverknad på samiske museum si evne til å ta imot gjenstandar. Sistnemnde artikkel snakkar òg om auka interesse for samiske museum i etterkant av Sannheits- og forskingskomiteens rapport om konsekvensane av fornorskingspolitikken for samar, kvener og skogfinnar. 

Musea som bidragsytarar til nasjonal forteljing, ikkje utan konsekvensar 

Me les blant anna i høyringsinnspelet som Museumsforbundet sende inn til denne Sannheits- og forsoningskomiteen at: 

“Fornorskingspolitikken skreiv urfolk og dei nasjonale minoritetane ut av det norske fellesskapet. Dei kulturhistoriske og arkeologiske musea som vaks fram i løpet av 1800-talet fremja ei nasjonal hovudforteljing om at eitt land er lik eitt folk, og at ein nasjon er tufta på éi etnisk gruppe.” 

Museumsforbundet, høyringsinnspel til Sannheits- og forsoningskomiteen, 2023. 

Ikkje ei nøytral praksis 

Samlingsforvaltar Dalbu er tydeleg på at ho meiner me som museumsarbeidarar burde ta med oss dette høyringsinnspelet. 

“Denne historikken minner oss om at samlingsforvaltning ikkje er ei nøytral praksis. Kvart val me tek – anten det gjeld innsamling, katalogisering eller formidling – formar forteljinga me presenterer. Me må erkjenna at det me samlar og formidlar i våre museum ikkje speglar heile samfunnet, og at det finst mange underrepresenterte grupper i samlingane, blant anna urfolk, skeiv historie og kvinner. Det er viktig å vera medvitne på våre museale blindsone i denne samanhengen, slik som Lene Christensen er inne på i sin artikkelserie om dei koloniale blindsonene i norske museum.” 

Musea si rolle i konstruksjon av kultur og natur 

I høyringsinnspelet til Norges museumsforbund kjem det òg fram at: 

“Nordmenn blei framstilte som kulturfolk og bærarar av norsk kultur, medan til dømes samar blei framstilte som naturfolk. Det oppstod eit skilje mellom norsk historie og samisk etnografi, både i vitskaplege tekstar og i museumsutstillingar.” 

Museumsforbundet, høyringsinnspel til Sannheits- og forsoningskomiteen, 2023. 

“Oss” og “Dei andre” i musea 

Dalbu forklarar at denne delen av innspelet til Museumsforbundet gjer greie for musea si historiske rolle som skapare av eit “oss” (kulturfolk) og “dei andre” (naturfolk). 

“Å framstilla nordmenn som “kulturfolk” og samar som “naturfolk” viser korleis museumsutstillingar har reflektert samtidas maktforhold. Dette har skapt eit inntrykk av at samisk kultur er statisk og uforanderleg, medan norsk kultur har blitt framstilt som ein dynamisk og utviklingsorientert nasjonal identitet. Museum har vore med på å oppretthalda desse skiljelinjene gjennom korleis samlingar er organiserte, kva narrativ som blir lyfta fram, og korleis gjenstandar blir kategoriserte og presenterte. Eit klassisk døme er korleis samiske gjenstandar ofte har vore plasserte i etnografiske avdelingar, åtskilde frå nasjonalhistoriske utstillingar, noko som kan gje inntrykk av at samisk kultur står utanfor samfunnsutviklinga i Noreg.” 

Skiljelinjer i musea som skapare av plass til underrepresenterte stemmer 

På spørsmål om kva samlingsforvaltar Dalbu tenkjer om skiljelinjer i musea, er ho klar på at skiljelinjer har ein funksjon, men alt handlar om korleis desse blir brukte. 

“Skiljelinjer i museum er ikkje nødvendigvis berre negative – dei kan òg vera nødvendige for å synleggjera historiske skeivskapar og gje plass til underrepresenterte perspektiv. Brukt rett kan dei bidra til å retta opp tidlegare usynleggjering og sikra at samiske stemmer blir høyrde på sine eigne premissar. Til dømes kan eigne utstillingar om fornorsking og kolonial historie bidra til auka refleksjon og medvitgjerande.” 

“Samtidig kan skiljelinjer bli problematiske viss dei opprettheld forestillinga om samisk kultur som noko fjernt og eksotisk, i staden for ein naturleg del av norsk historie. For å bryta med tidlegare praksis må museum aktivt revurdera korleis samlingar er organiserte og katalogiserte, slik at urfolkshistorie ikkje framstår som statisk eller åtskilt. For meg, som har samisk bakgrunn, er det viktig at me ikkje berre reflekterer over korleis samisk kultur har blitt framstilt i musea, men òg aktivt arbeider for å endra desse narrativa. Musea har eit ansvar for å utfordra gamle strukturar og bidra til ei meir nyansert og inkluderande historieforteljing, der urfolkshistorie ikkje berre blir ei parallell forteljing, men ein naturleg del av vår felles kulturarv.” 

Representasjon og stemmer inn i forvaltningsplanen av Jærmuseets samlingar 

Samlingsforvaltar Dalbu kan avsløra at avdelinga Samling og dokumentasjon jobbar med ein ny samlingsforvaltningsplan der blant anna spørsmål knytt til kva stemmer blir representerte, korleis desse blir representerte og korleis ein kan utvida og lyfta fram underrepresenterte perspektiv i samlingsarbeidet. 

“I arbeidet med Jærmuseets nye samlingsforvaltningsplan legg me difor særleg vekt på mangfald og representasjon, i tråd med Museumsmeldinga. Me stiller oss spørsmål som; Kva historier har blitt fortalde gjennom vår samling, og kva stemmer manglar? Korleis kan me sikra at samisk kultur og andre underrepresenterte perspektiv blir ein naturleg del av vårt samlingsarbeid?” 

“Små grep skal til for å endra narrativa og berika registreringane, noko som kan føra til at fleire forteljingar kjem fram. Ved å reflektera over korleis samlingar har blitt til, kan me arbeida for å sikra at Jærmuseet i dag ikkje vidarefører ubalanserte narrativ, men heller bidrar til ei breiare og meir inkluderande forståing av vår felles historie. Dette inneber blant anna å vera opne for kritikk og kontinuerleg evaluera våre praksisar for å sikra at me ikkje ubevisst vidarefører koloniale eller undertrykkjande strukturar,” slår samlingsforvaltar Dalbu fast, som gler seg til å halda fram Jærmuseets arbeid med kontinuerleg forbetring av korleis historier og kulturarv blir formidla i tida framover.