Registrerte 70 000 gjenstandar på seks år

Samlingsteam Rogaland fullførte oppdraget ved årsskiftet.

I 2014 starta Rogaland fylkeskommune opp prosjektet «Samlingsteam Rogaland». Oppdraget var å samla og registrera gjenstandar hos regionmusea på Jæren, Dalane, Ryfylke og Haugalandet i tillegg til Oljemuseet. Etterslepet var stort, og gruppa, som for det meste har vore på fire eller fem personar, har hatt det travelt. Samlingsteamet har vore noko unikt i Noreg og fekk mykje merksemd i museumsmiljøet elles i landet. Ei suksesshistorie, rett og slett.

Då dei avslutta prosjektet ved årsskiftet 2019/2020 hadde dei samla inn og registrert meir enn sytti tusen unike gjenstandar i heile fylket.

«Etterslepet var enormt», seier Jeanne Dalbu. Ho har vore med sidan starten og tok over som leiar i 2016 etter Per Inge Bøe, som gjekk over i ei prosjektleiarstilling i Jærmuseet.

Jeanne Dalbu.

Gjennom heile perioden er det Jærmuseet som har vore arbeidsgjevar, men teamet har flytta på seg kontinuerleg. Dei var nokre veker i kvart museum før dei reiste vidare, og har fordelt arbeidstimane likt mellom Jærmuseet, MUST, Dalane folkemuseum, Ryfylkemuseet, Haugalandsmuseet og Norsk oljemuseum. På ein av teamet sine siste arbeidsdagar finn me dei i Oljemuseet sitt nye og imponerande magasin i Stavanger.

Dalbu kjem opprinneleg frå Skedsmo i Viken, men flytta til Stavanger som relativt nyutdanna museolog for å bli med på nyskapinga i 2014. Etter at prosjektet blir avslutta, går ho over i ny jobb som samlings- og magasinforvaltar i Jærmuseet og får fast arbeidsstad i det nye magasinet ved Vitengarden på Nærbø. Ho har tidlegare forska på museumsverksemd, og seier at ein må kunna bevara og formidla samstundes. Ho legg til at perspektivet er annleis i museumssektoren enn samfunnet elles. «Me må ha eit hundreårsperspektiv», seier ho og legg til at det er mykje tolking i registreringsarbeidet.

 

Samlingsteam Rogaland har sidan 2014 gjennomført 65 prosjekt.

Dei har brukt 28 000 timar til gjenstandsregistrering og samlingsforvaltning.

Dei har registrert og revidert cirka 70 000 museumsobjekt siden 2014.

Dei har i gjennomsnitt registrert 2,5 objekt i timen.

Kvar registrering har i gjennomsnitt kosta Rogaland fylkekommune 257 kr.

 

«Me prøver å sjå det spesielle med kvar gjenstand.» For å få jobben gjort har dei arbeidd etter det Dalbu kallar «samlebåndprinsippet». Det inneber reingjering av kvar gjenstand, merking med identifikasjonsnummer, registrering  i samlingsforvaltningssystemet Primus, tilstandsvurdering, fotografering, pakking og lagring i eit klimastyrt magasin. Kvar person har spesialisert seg på ein eller fleire oppgåver, og slik har dei arbeidd i seks år med sytti tusen gjenstandar. Forutan å administrera og planlegga arbeidet har Dalbu konsentrert seg om å registrera.

Og det har vore spennande. Dei har jo ikkje visst kva som ville dukka opp. Og det ho alltid drøymer om å finna?

«Kunst.»

Målerikonservator Lise Chantrier Aasen er einig. Ho fortel at det låg ei ukjend og bortgøymd øskje i ein av magasinhallane på Åmøy. Innhaldet skulle angiveleg stamma ifrå Sjernarøy kyrkje. I denne fann magasinforvaltaren seks sammenkrølla fragment. Ho sprang straks ut til samlingsteamet sine brakker og henta Aasen, som studerte funnet og oppdaga at det utgjorde delar av noko så sjeldant som eit kvinneportrett frå 1695. Det tok nokre veker å konservera det, og etter planen skal det stillast ut i ei kyrkjekunstutstilling.

Dalbu går over i ny jobb som magasin- og samlingsforvaltar, medan andre held fram i fylkeskommunens nye konserveringsteam. Konservator Eirik Aarebrot trur det kan bli minst like interessant. «Då får me sjansen til å bli meir kjent med kvar gjenstand», seier han.

Jeanne Dalbu gler seg til å få kontor i det nye magasinet på Nærbø. Det blir publikumsvennleg og gjev høve til å visa fram samanhengane mellom gjenstandane. Konseptet «studiemagasin» er noko nytt i Noreg. «Det er viktig å gjera samlingane interessante», seier ho.

Så har ingenting vore vanskeleg dei siste åra? «Jau», kjem det raskt frå Dalbu, «eg skulle ønska at kommunepolitikarane viste meir interesse for kulturarven sin.»


Øvste bildet: Prosjektmedarbeidar Therese Espeland registrerer eit måleri.

Tekst og foto: Ørjan Zazzera Johansen.