Publikumsrekord i sommar

Mest besøk hadde Vitenfabrikken i Sandnes, som er Jærmuseet si største avdeling. Utstillinga TURI design, som opna i juni, trekte mange besøkande som mimra godt då dei kjendte igjen fleire koppar og tallerkar frå sitt eige eller besteforeldra sitt kjøkken.

Likevel var det Vitengarden på Nærbø som hadde den største auken samanlikna med i fjor. Utstillinga «Ei verd på spel» som stod på Vitengarden blei ein stor suksess og det var mange som ville vera spelebrikke og på ein interaktiv måte læra meir om ulikskapane i verda. Tungenes Fyr kan óg visa til gode tal og under utseglinga til Tall Ships Race besøkte over 6000 skodelystne fyret heilt på nordspissen av Jæren.
EVPS_Bryne_VGS
Biletet over: Publikum viste stor engasjement på Vitengarden si utstilling «Ei verd på spel». Her leiter ein etter mat i eit u-land
Våre mindre, lokale avdelingar Grødaland, Limagarden og Vistnestunet hadde alle ein liten nedgang frå fjoråret. På desse stadane er ein veldig véravhengig og alt regnet i sommar gjorde nok sitt til at publikum heller valde andre tilbod. I haust derimot har ein hatt fleire gode aktivitetsdager på desse avdelingane så totalt sett for heile året så ser det lyst ut.
Stort sett så er dei besøkande til avdelingane våre om sommaren nordmenn som ferierer i eige land, men ein har i år óg sett ein auke i besøk frå utlandet, og då særleg frå Danmark, Tyskland og Nederland.
.