Nasjonens fiende: ugras

«Heilt fram til mellomkrigstida var det krigsmetaforane som skapte førestellingar om ugraset. Det skulle utryddast, tynast, øydeleggast, overvinnast, knekkast. Plantane forsvarte seg: skaut ut nye skot, kasta frø over åkeren.»

Jærmuseets Anne Jorunn Frøyen  er historikar og skriv doktorgradsavhandling om korleis dei kjemiske midla kom inn i landbruket. Ho oppdaga at språkbruken har endra seg, og at synet på kva ugras er og korleis det kunne bekjempast har påverka språket.

At ugras var fiende var særleg tydeleg i ugrasmiddelets barndom.

«Bøndene stod overfor ein ytre fiende, måtte koma ugraset til livs, hindra at det fekk for stor makt. Dei kjemiske midla var våpen i ein krig mot ugras.»

Frøyen har gått gjennom lærebøker og informasjonsmateriell for å studera korleis språkbruken har endra seg, og slik påverka synet på ugras.

Anne Jorunn Frøyen.

«Forfattarane ville påverka bonden, slik at ugraset blei handtert rett. Den skiftande språkbruken gjer det mogleg å studera førestellingane om ugras sidan 1800-talet.»

Allereie i 1896 skreiv Emil Korsmo i boka Ugræs i åker og eng at bonden hadde to fiendar: skadeinsekt og ugras.

«Her slo forfattaren fast at fleire av dei slemmaste ugrasvekstene var av utanlandsk opprinnelse. Dei erobra land, jordbruksland», fortel Frøyen. «Ved å framstilla kampen mot ugraset som ein krig gav dei plantane fiendtlege eigenskapar. Ein fiende kan jo dukka opp når ein minst ventar det, ligga i skjul for så å dukka overraskande opp og gå til angrep. Plantane kunne dukka opp kor som helst og når som helst. Ugraset var ein fiende som aldri kvila, og då kunne ikkje bonden gjera det heller.» 

Samtidig blei området bonden burde ta kontroll over utvida til områda utanfor hans eige territorium.

«Bøndene blei rådd til å vakta grøftekantar, vegkantar, åkerreiner. Seinare peika Korsmo på at arbeidet mot ugras var ei plikt. Jordbrukssamfunnet måtte stå saman i ugraskrigen, slik ein nasjon stod saman mot ein ytre fiende.»

Frøyen har gått gjennom lærebøker og informasjonsskriv og kom fram til fem hovudkategoriar: ugras som fiende, ugras som skit, ugras som naturvitskap, ugras som sjukdom og ugras som pengar. Dei ulike metaforane var populære til ulike tider. Fiende-metaforane har vore dominerande saman med naturvitskapsmetaforane, men at ugras er skit var framtredande i mellomkrigstida, ugras er sjukdom var det i etterkrigstida og ugras er pengar mellom anna i nyare tid.

«Fienderetorikken endra seg noko etter kvart, og då snakka ein meir om konkurranse enn om krig.»

«At ugras skulle vera synonymt med skit innebar at kampen mot ugras var reinhald. Dette blei gjentatt i fleire lærebøker. Kulturmarka skulle alltid vera rein. Å ha det skite var skamfullt. Ei lærebok frå 1925 fortel oss at ugras skjemmar eigedommens utsjånad.»

Reingjering trong reingjeringsmiddel. Frå før hadde bøndene mekaniske middel til å vaska vekk ugraset, i 1920 bruka dei mange kjemiske middel.

«Kjemikalia blei forstått som reingjeringsmiddel,», seier ho, «dette var med på å skjula dei negative verknadane av plantegiftene.»

Naturvitskapen sitt språk gjorde at det vart vanskelegare for den vanlege bonden å henga med. Formidlinga kom gjerne i tabellar og figurar og hadde referansar til utanlandske undersøkingar. Språket viste tette band mellom naturvitskapen og dei som var ekspertar på ugras.

«Språket var vanskeleg. Det minner om hersketeknikk, ekspertane gjorde det vanskelegare for andre å hevda sine meiningar.»

Kjemiske middel skulle gjera det lettare for bonden å bekjempa ugraset, men det vart ikkje lettare for bonden å forstå kva som eigentleg skjedde eller korleis han kunne handla rett.

Ei av oppslagsbøkene for bønder som kom ut i dette året, 1911, forklarar bruken av det nye vidundermiddelet, jernvitriol, slik:

Det maa bestaa udelukkende av skarpkantede stykker (krystaller) av klar blaagrøn farve, der svarer til hvitlig blaagrøn fave hos de kemiske krystaller. Saasnart vitriolkrystallerne utenpaa viser en gulbrun farvetone, er dewt tegn paa begyndende oksydation. (Kjelde: Emil Korsmo, 1911. Kampen mot ugræsset, s. 97.)

«Bøndene vart avhengige av å kunna stola på fagekspertane. Dei måtte følga oppskriftene dei blei tildelt. Og oppskriftene kravde at dei forstod omgrep henta frå fysikkfaget og sprøyta med rett trykk, målt i atmosfærar og lest av ved hjelp av eit manometer. Dei måtte bruka rett styrke på oppløysinga, tilpassa lokale forhold.»

Etter kvart kom det fleire kjemiske middel til, og oppgåva vart endå vanskelegare for bonden.

«Den systematiske inndelinga av dei ulike midla var naturvitskapen sitt språk. Dei fleste namna var ukjende og utan referansar i bøndene sin kvardag. Metaforen ugras er naturvitskap påverka tankar og førestillingar i aukande grad utover 1900-talet.»

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Og frå 1989 blei økologiske termer ein del av det vitskapelege språket i lærebøker for jordbruksskulane.

«Då blei det introdusert fleire omgrep frå biologifaget, også frå retninga økologi. Læra om levande organismar sitt forhold til naturmiljøet blei tydelegare formidla. Omgrepet naturleg blei tatt i bruk i denne forklaringa. Bøndene blei fortalt at insekt, sopp og andre organismar kom frå naturen, i motsetnad til kjemiske og mekaniske middel.»

Ho seier at jordbruket blei sirkulert som to system frå denne tida: konvensjonelt og økologisk jordbruk.

«Men ugraset måtte framleis nedkjempast. Og jordbruket skulle bli meir miljøvennleg uansett om det var økologisk eller konvensjonelt.»

Førestillingen om ugras som sjukdom gjorde sitt inntog i 1917.

«Ugraset blei framstilt som smittestoff, spreidd gjennom frø, husdyrgjødsel og reiskaparsom ikkje var reine. Smitten måtte utryddast elles ville sjukdommen spreia seg. Kjemikalia som kom i handelen på slutten av førtitalet blei kalla preparat og forstått som legemiddel, som medisin. Dei språkelege vendingane som følgde med tyder på at det fanst ei tru på at det var mogleg å nå målet ei frisk jord utan ugras, ei avling utan smitte.»

Ugras er pengar er knytt til metaforen «tid er pengar».

«Ugraset var ein trussel mot moderniseringa av landbruket. Tap av framskritt var tap av fridom. Dermed hadde bonden ei økonomisk plikt til å halda jorda si fri for ugras. Bonden måtte vurdera kva det lønte seg å setta i verk, forstått som kva han brukte minst tid på. Ugras vart altså forstått som tid og tid var jo pengar. Dette medførte at «brakking av jord» blei vurdert som dyrt, fordi jorda blei liggande ubrukt over tid.»

Frøyen er i innspurten av doktorgradsavhandlinga og leverer i løpet av året. Ho er knytt til UiA, men har medrettleiar ved UiS.

«Då eg begynte med dette arbeidet, å dokumentera metaforar i lære- og oppslagsbøker, trudde eg det begynte etter krigen. Men eg måtte gå lenger tilbake.»

Ugras og metaforar er berre ein liten del av avhandlinga, som høyrer til historiefaget og tar føre seg sprøytemidla i jordbruket.

«Eg skriv ikkje berre om ugras, men eg gjev det størst plass. Eg trur ugraset var jærbondens største utfordring.»

Foto, øvst: Emil Korsmo.
Andre foto: Jærmuseet.