Manglande satsning på vitensenter i statsbudsjettet

Fare for redusert tilskot til Jærmuseet.

Det er i dag åtte regionale vitensentra i Norge, og Jærmuseet er eitt av desse. I august opna det siste av dei åtte vitensentraene – Inspiria i Sarpsborg. Her var både kunnskapsminister og kulturminister på plass under opninga og understreka kor viktig dette senteret var for realfagssatsinga i Østfold / Oslo-området.
Så skulle ein jo tru at Kunnskapsdepartementet ville fylgja opp det nye senteret med driftsmidlar, men slik gjekk det ikkje. Den einaste auken KD har lagt i vitensenterpotten for 2012 er ei stakkarsleg prisjustering på ca. 3 %, frå 22,99 mill til 23,7 mill. Regjeringa har med andre ord ikkje tatt omsyn til at det nettopp er opna eit stort nytt vitensenter i Sarpsborg.

Den høgst aktuelle problemstillinga for oss i Jærmuseet og dei andre regionale Vitensentra er at den eksisterande vitensenterpotten ( 22,992 mill + 700′) nå må delast på fleire senter, dermed risikerer dei andre institusjonane reduserte tilskot i 2012.

Det kan i verste fall få konsekvensar for formidlinga på vitensenterlokalitetane våre.

Denne gongen fekk heller ikkje Jærmuseet auka tilskot (utover prisjustering) på kulturbudsjettet, men det var meir som forventa.