Limagarden får vasståkeanlegg

På Limagarden, i det vakre landskapet med utsikt over Limavatnet innanfor Ålgård, arbeider Jærmuseet med å sikra bygningane mot brann. Røyrleggjarar frå Finn Midbøe AS set opp eit såkalla «vasståkeanlegg», eit brannslukkingssystem som passar godt til gamle og bevaringsverdige bygg som kanskje ikkje er heilt tette heller. Vasståkeanlegget tar lite plass innandørs og vil ikkje verka forstyrrande på gjester som gjerne vil ha ei oppleving av gamle dagar. Ved brann sprutar anlegget vassdropar så små og fine at det mest liknar ei tåke, og skadar treverk og møblar så lite som mogleg.

Bygningane som står på garden i dag er frå 1800-talet, men det har vore gardsdrift på staden i fleire hundre år før det. Då den siste fastbuande døydde i 1986 tok Gjesdal kommune over og gjorde det til bygdemuseum. Seinare blei det ein del av Jærmuseet.

På grunn av staden, og vegen som går gjennom tunet, sin lange historie var arkeologar frå UiS innom dei første dagane av arbeidet for å undersøka om det kunne gjerast interessante funn. Ingenting blei funne, og røyrleggjararbeidet fekk halda fram.

Skiringsansvarleg i Jærmuseet, Sigbjørn Stangeland, viser fram ein stein det ikkje er noko spesielt med.

Fleire anlegg i Jærmuseet kan få vasståkeanlegg etter kvart.

Les meir om Limagarden