Lærarkurs om elevar med stort læringspotensial

Velkommen til gratis lærarkurs om elevar med stort læringspotensial. Kurset er på Vitenfabrikken, Sandnes, 23. september kl. 10-15.

Jærmuseet skal etablera eit talentsenter i realfag for elevar med stort læringspotensial. Desse elevane er ikkje nødvendigvis dei mest skuleflinke, men dei som har potensial til å prestera på høgt nivå i eit eller fleire fag. Skuleåret 2020-2021 vil me ha eit tilbod til elevar på ungdomstrinnet, med tre samlinger over to dagar.

Talentsentersamlingane vil vera ein stad der desse elevane vil få treffa andre med felles interesser. Elevar med stort læringspotensial har og krav på tilpassa opplæring til dagleg, i klasserommet. Då er det viktig å kunne identifisera desse elevane, og å ha ressurser til å tilpasse undervisninga.

Innhald på kurset:

  • Kort om planen for innføring av Talentsenter i realfag ved Jærmuseet.
  • Kven er dei? Kva treng dei? Identifisering og kartlegging av elevar med stort læringspotensial.
  • Konkrete tips til tilpassing av undervisning i eige klasserom.

Kurset er tilpassa lærarar i ungdomsskulen, men lærarar på andre trinn og anna personell i skulen samt skuleleiing og PPT vil ha nytta av kurset.

Påmeldingsfrist er 16. september. Det blir servert lunsj, husk å melde frå om eventuelle allergiar.

Spørsmål?
Ta kontakt med Marianne Hægstad Risdal, tlf 95033139, epost mhr@jaermuseet.no

For å finne ut meir om Talentsenter i realfag, gå til hovudsida om Talentsenteret.