Kranselag for nytt magasin

Tysdag 6. november markerte me at det underjordiske magasinet nå har tett tak.

Det underjordiske magasinet vert bygd på Kvia på Nærbø, like ved Vitengarden. Sjølve planane for eit magasin starta i 2013, men det var først når kulturdepartmentet ga 18,8 millionar i tiltaktsmidlar hausten 2015 at anbudsrunde kunne lysast ut, og planlegging og bygging kunne starta for fullt. Nå er taket tett, og det underjordiske magasinet på vel 2000 m2, har to store hallar i tillegg til eit par lagerrom og rom for mottak og registrering. Bygget er eit sårt tiltrengt bygg for Jærmuseet som sit på eit skattekammer av landbruksreiskap som fortel landbrukshistoria til Jæren. Magasinet vil innehalda dei store samlingane av landbruksmaskinar og reiskaper. Desse står i dag oppbevart under lite tilfredsstillande forhold i ulike løer rundt på Jæren. Deler av magasinet vil vera opent for publium når innflyttinga er ferdig.

I kranselaget var arbeidarane til stades, i tillegg til Jærmuseet sine samarbeidspartnarar og naboar. Kransen hang høgt saman med det norske flagget i kranen over inngangen, og inne var det musikk ved Kjell Gudmestad og ein nyrestaurert Deutz, og talar frå direktør Målfrid Snørteland og prosjektleiar Hans Dybvad Olesen. Det er Kvia som er totalentreprenør for magasinet, Risa har hatt gravearbeidet og ALC har vore byggeteknigks rådgjevarar.