Jærmuseet utvidar talentsentersatsinga

Talentsenter i realfag er eit fagleg og sosialt tilbod for elevar med stort læringspotensial, med interesse for realfag. Elevane blir plassert i grupper med jamnaldrande frå andre skular i området, og har fire todagars-samlingar i løpet av skuleåret. Samlingane foregår i skuletida. 

Frå og med skuleåret 2021/22 vil Talentsenter i realfag ved Jærmuseet utvida tilbodet, med tilbod for elevar frå 5. trinn t.o.m. VG2. Me vil og ha samlingar i Haugesund for elevar i nordfylket.  

Les meir om Talentsenter i realfag her.

12.mars arrangerer me gratis lærarkurs om elevar med stort læringspotensial med professor Ella Idsø, og informasjon om Talentsenter i realfag. Kurset blir på Vitenfabrikken, og det er og mogleg å følgje kurset digitalt.  

Meir info og påmelding her