Jærmuseet styrker satsinga på vitensentera

Jærmuseet og Statoil Morgendagens Helter har signert ein treårig avtale, der Statoil blir hovudsamarbeidspartnar for vitensentersatsinga til museet. Saman skal dei auke interessa for realfag hjå dei besøkjande, og teste ut nye undervisningsmetodar.

Sjølv om tidene er utfordrande i oljebransjen, er det framleis behov for kvalifisert kompetanse innanfor tekniske fag. I tillegg omstiller samfunnet seg til å utvikle meir miljøvenlege løysingar innan fornybar energi. Konklusjonen er klar: Noreg treng framleis ingeniørar, både no og i framtida.

– No er det viktigare enn nokon gong å stimulere interessa for realfag, forsking og teknologi hjå barn og unge. Statoil Morgendagens Helter samarbeider med vitensenter over heile landet. Vi opplever at realfagslæring gjennom leik og eksperiment vekkjer engasjement, seier Cathrine Instebø, sponsoransvarleg i Statoil.

Samarbeidet skal utprøve undervisningsforsking

Jærmuseet, ved avdelingane Vitenfabrikken, Vitengarden og Science Circus, er eitt av ti regionale vitensenter i Noreg. Statoil på si side har i 11 år støtta talentutvikling gjennom programmet Morgendagens Helter, der målet er å inspirere unge til å interesera seg for forsking, realfag og teknologi. Gjennom samarbeidet håpar partane å inspirerer unge til å bli morgondagens teknologar som skal bidra i kunnskapssamfunnet.

Samarbeidet har fått tittelen SKAPE, som står for samarbeid, kompetanse, aktivitet, pedagogikk og engasjement. Satsinga skal styrke kvaliteten på realfagsformidlinga til barn og unge. Det blir i dag forska mykje på realfagsdidaktikk (undervisningslære), og Jærmuseet ynskjer å prøve ut forskinga i praksis. Direktør for Jærmuseet, Målfrid Snørteland, er særs nøgd med den nye avtalen:

– Jærmuseet er veldig glade for at Statoil gjennom Morgendagens Helter bidreg til å fornye utstillingane og publikumstilbodet vårt. Saman har vi stor tru på å auke realfagsgleda hjå både barn og vaksne i heile Rogaland.

Åpnar utstillingar basert på kjemi og matematikk

I tett samarbeid med målgruppene ynskjer Jærmuseet å prøve ut realfagsdidaktikken gjennom nye utstillingar, formidlingsopplegg og lærarkurs. Resultata skal formidlast til vitensentermiljøea både nasjonalt og internasjonalt. Prosjektet skal utvikle nye utstillingar til glede for alle som besøker Vitengarden og Vitenfabrikken.

På Vitengarden er planlegginga av utstillinga Biogass godt i gang. Frå hausten 2016 kan publikum vere med og produsere sin eigen biogass i kjellaren på den nye stallen. DokID: 2016000662 2

På Vitenfabrikken vil matematikk stå i fokus. Her skal det byggjast ei heilt ny matematikkutstilling på Abelloftet, der publikum kan utforske matematiske spel, pusleri og eksperiment. Det nye Abelloftet er ein del av byggesteg to på Vitenfabrikken og opnar i 2018.

Fakta om samarbeidet:

• Samarbeidsavtalen har ei tidsramme på 3 år. Målet er å auke realfagsinteressa og å teste ut nye undervisningsmetodar.

• Jærmuseet, ved avdelingane Vitenfabrikken, Vitengarden og Science Circus, er eitt av ti regionale vitensenter i Noreg.

• Morgendagens Helter er Statoil sitt talentutviklingsprogram, der satsinga på utdanning og realfag står sentralt.

• Jærmuseet sitt vitensenter nådde i 2015 ut til elevar i 27 kommunar og hadde rett i overkant av 140.000 besøkande.

Om Morgendagens Helter:

Statoil er hovudsamarbeidspartnar med Jærmuseet gjennom sitt talentutviklingsprogram Morgendagens Helter, der satsinga på utdanning og realfag står sentralt. Morgendagens Helter handlar om å løfte fram menneske med evne og vilje til å tenke annleis, og med kompetanse og ønske om å jobbe hardt for å oppnå makelause resultat.

For meir informasjon kontakt:

Målfrid Snørteland

Direktør, Jærmuseet

E-post: msn@jaermuset.no

Mobil: +47 91 39 03 61

 

Cathrine Instebø

Sponsoransvarleg, Statoil Morgendagens Helter

E-post: cins@statoil.com

Mobil: +47 93 05 17 07