Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå og regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet driv Vitengarden på Nærbø, Vitenfabrikken i Sandnes, Tungenes fyr i Randaberg – ein del av Kystverket sitt etatsmuseum – og Garborgsenteret på Bryne som opnar i 2012. Museet har om lag 50 stillingshjemlar.
Frå 1. januar 2012 tek Jærmuseet over drifta av Flyhistorisk Museum Sola og Rogaland Krigshistorisk Museum. Båe musea ligg i Sola kommune, er organisert som stiftingar og har aktive venneforeiningar.
Flymuseet si store flysamling er utstilt i ein verneverdig hangar ved Stavanger lufthavn. Anlegget omfattar også verkstader, møtelokale, bibliotek og magasin. Krigshistorisk Museum har basisutstilling i ein nedlagd militærleir der det også er verkstader, forsamlingslokale, arkiv, magasin og ein hall til den store samlinga av militærkjøretøy.
Musea sine venneforeiningar driv kontinuerleg restaureringsarbeid, møteverksemd , aktivitetsdagar og gjev monalege økonomiske bidrag til sine respektive museum. Foreiningane skal i samarbeid med Jærmuseet stå sentralt i verksemda.
Sola kommune er part i samarbeidet, har plass i Jærmuseet sitt styre og løyver årleg ein fast sum til drift av musea. Det skal utviklast planar for samlokalisering av dei to musea.
For å utvikla og driva formidling til skoleverket og det allmenne publikum ved, organisera anna utoverretta verksemd, utvikla utstillingar og ha den daglege kontakten med musea sine venneforeiningar lyser Jærmuseet ut ei 100% stilling som:
Fagkonsulent
ved Rogaland Krigshistorisk Museum og Flyhistorisk Museum Sola
Rett person har desse kvalifikasjonane og eigenskapane:
• Mastergrad eller tilsvarande i relevante fag, gjerne historie
• Interesse for og evne til å formidla fagleg materiale til barn, ungdom og vaksne
• Liker å yter sørvis og “ta eit tak” når det er naudsynt, der det er naudsynt
• Interesse for og gjerne erfaring med tema knytt til dei to musea sine virkefelt
• Interesse for teknologi og lyst til å setja seg inn i teknologiske problemstillingar knytt til arbeidsfeltet
• Liker teamarbeid på tvers av fagfelt
• Kan leggja til rette for forsking i musea sine tema
• Beherskar nynorsk og bokmål
Me kan tilby:
• Ein utfordrande arbeidsplass i rask utvikling med eit tverrfagleg og allsidig miljø innan mange faggrupper
• Lønn, pensjons- og forsikringsordning i følgje Museumsoverenskomsten. Jærmuseet er medlem av KLP og det blir trekt 2% av bruttolønna
• Kontorplass på båe musea
• Stillinga er ein del av det samla fagmiljøet ved Jærmuseet. Fagkonsulenten skal gje kompetanse til og få kompetanse frå institusjonen
Flyhistorisk Museum Sola og Rogaland Krigshistorisk Museum blir del av ei nyoppretta avdeling for bygningsvern og temamuseum. Avdelinga har i tillegg til dei to musea ansvar for drift av fleire bygdetun og andre anlegg rundt på Jæren. Fagkonsulenten vil bli del av eit team som er vant med å arbeida over eit stort geografisk område i samspel med vennelag, historielag og andre frivillige. Avdelinga skal dei næraste åra vidareutvikla alle sine anlegg til å bli interessante temamuseum som gjev publikum gode og ekte opplevingar.
Send søknad med CV til: post@jaermuseet.no
eller Jærmuseet, postboks 250, 4367 Nærbø
Frist: 2. januar
Har du spørsmål, kontakt direktør Målfrid Snørteland tlf 913 90 361 / msn@jaermuseet.no
eller avdelingsleiar Hans Dybvad Olesen tlf 952 94 538 / hdo@jaermuseet.no