Jærmuseet får talentsenter i realfag

Dette er ei stor anerkjenning av det arbeidet Jærmuseet, gjennom mange år, har lagt ned for å auka kompetansen og motivasjonen for realfag mellom elevar i Rogaland. Frå før er det fire slike talentsenter – ved Teknisk museum/Oslo vitensenter, Vilvite i Bergen, Vitensenteret i Trondheim og Nordnorsk vitensenter i Tromsø.

Målgruppa for talentsentera er elevar med stort læringspotensial.

Talentsentera skal bidra til å auka desse elevane si læring og motivasjon i matematikk, naturfag og teknologi, slik at dei opplever muligheiter til å utvikla seg fagleg. Vidare skal ein medverka til at elevane dannar nettverk med andre elevar med stort læringspotensial.

Talentsentera skal i første omgang vera eit tilbod til elevar på 7. til 10. trinn i grunnskulen, og elevar som går dei to første åra i vidaregåande opplæring. Målgruppa er både elever som presterer på høgt nivå, og elevar som har potensial for å prestera på høgt nivå.

For meir informasjon om talentsenter, sjå

https://www.vitensenter.no/talentsenter-i-realfag/

Kontaktperson, Jærmuseet:

Direktør Målfrid Snørteland, telefon 913 90 361 / msn@jaermuseet.no