I 1879 grunnla Ole Gabriel Kverneland bedrifta med namnet “O.G. Kvernelands Fabrik” ved Frøylandsvatnet i Time kommune. Her produserte han ljåar i si eiga smie. Seinare gjekk bedrifta over til produksjon av plogar, harver, svansar og andre jordbruksreiskap – først hand- og hestereiskap, seinare også for det mekaniserte landbruket.
1894 omgjorde O.G. Kverneland bedrifta til eit aksjeselskap for å få tak i kapital for vidare utvikling og vekst. Aksjeselskapet var eigd av familien. Først i 1983 gjekk dette selskapet på Oslo Børs.
Frå midten av 1950-talet såg bedrifta seg om etter ekspansjonsmuligheiter både i Norge og i utlandet. Det resulterte i oppkjøp av Globus Maskinfabrikk i Brumunddal i 1955. Seinare, i 1984, kjøpte Kverneland ASA Kyllingstad Plogfabrikk på Kleppe og, i 1986, Underhaugs Fabrikk på Nærbø . Den første utanlandske fabrikken som blei ein del av konsernet var Plogfabrikken Fraugde i Danmark i 1973.
Jærmuseet har hatt samarbeid med Kverneland sidan slutten av 1980-talet. I fleire omgangar har bedrifta avlevert både gjenstandar, arkiv og fotomateriale til Jærmuseet.
Jærmuseet har nå overteke alt av det historiske arkivet etter Kvernelands Fabrik. I 2011/2012 er dette blitt listeført. Delar av arkivet har blitt ordna etter kvart. Dette gjeld publisert materiale som katalogar og bedriftsaviser.
Arkivet etter Kvernelands Fabrik viser eit vidt spekter av verksemda i bedrifta. Me finn her både korrespondanse, rekneskapsmateriale og publisert materiale. Her finnes det materiale som systematisk blei arkivert i forskjellige avdelingar og materiale som stod hos enkelte tilsette. Materialet i arkivet etter Kvernelands Fabrik/Kvernelands Fabrikk A/S/Kverneland ASA spenner over tidsrommet 1878 til 2002.
En oversikt over produksjonsår til Kvernelands Fabrik / Kvernelands Fabrikk A/S / Kverneland Norge AS sine produkter finner du her.
Innsyn i arkivmaterialet kan gis om ein vender seg til Jærmuseet.