Hamner som reder liv – historia bak Norge sine fiskerihamner

Kystverkmusea, som Tungenes fyr er ein del av, lanserer nå saman med Kystverket ei spennande ny nettutstilling som tek deg heilt tilbake til starten av hamneutbygginga på 1870-talet. Her kan du bli med på ei reise gjennom tid og hav, og sjå koss hamnene har spelt ei avgjerande rolle for nasjonen Noreg.

Nettutstillinga byr på ei rik samling av kart, foto og filmer som let deg oppleve den fascinerande historia bak hamnene, gjennom både gamle og nye foto. Me framhever 15 utvalte “portrett” av hamner frå Vardø i nord til Brattestø i sør: Vardø, Hamningberg, Berlevåg, Kabelvåg, Østre Nesland, Skjærvær, Nordøyan, Alnes, Silda, Utsira, Skudeneshavn, Obrestad, Jøllestø, Østhasselstrand og Brattestø.

Obrestad Havn. Foto: Trond J. Hansen

Her kan du sjå historia og koss dei har utvikla seg over tid, både geografisk og teknologisk, i takt med fiskeria sine skiftande behov og regionen sine særeigenarter. I tillegg til å vise fram hamna si historie, får du óg eit innblikk i dagens aktivitet og koss Kystverket fortsett å sikre gode hamneforhold for kysten vår.

Dette markerer slutten på eit fleirårig prosjekt frå Kystverkmusea, og målet er å gjere denne viktige delen av norsk kystkultur tilgjengeleg for alle. Andre deler av prosjektet har vore ei utstilling om fiskerihamna og Kystverket si 150-årige historie i Kabelvåg. I samarbeid med Trond J. Hansen ga Kystverkmusea i 2023 óg ut praktboka Molo.

Utforsk nettsida og utstillinga om hamnene her:  https://kystverkmusea.no/havn