Gåveforsterkingsmidlar til Jærmuseet

Jærmuseet fekk måndag 15. februar besøk av fleire politikarar frå Rogaland fylkeskommune med ei gledeleg nyheit.

Jærmuseet søkte gåveforsterkingsmidlar for fire gåver museet mottok i 2015. Samtlege søknadar vart innvilga. Totalt får museet kr. 187.500 gjennom gåveforsterkinga grunna følgjande gåver:

  • kr. 100.000 frå Sparebankstiftelsen Jæren Sparebank til digital formidlingsløype, Garborgsenteret
  • kr. 250.000 frå Øglænd Indstrier til utvikling av utstillinger om regional industrihistorie og byhistoria i Sandnes, Vitenfabrikken
  • Kr. 100.000  frå Sparebankstiftelsen SR-Bank til utvikling av Bondevennlunden som ein del av Hanabergsmarka kulturminne- og friluftsområde ved Vitengarden
  • Kr. 300.000 frå Sparebankstiftelsen DNB til nytt utstyr til Makers Space, Vitenfabrikken

Kulturdepartementet innførte ordninga for gåveforsterking i 2014. Museum som får ei pengegåve, kan søkje Kulturdepartmenetet om statleg gåveforsterking på 25%. Målet er å motiera museum for å arbeide for å få inn fleire private midlar.