29. november er FNs internasjonale solidaritetsdag med det palestinske folket. Dagen vart vedtatt av FNs generalforsamling i 1977, og vert markert over heile verda.
I dag ønskjer me å visa solidaritet med alle som er råka av krigen i Gaza. Krigens massive øydeleggingar på Gazastripa fører ikkje berre til tap av mange menneskeliv, men også til tap av palestinske kulturminne. Desse tapa har store ringverknader fordi kulturminna seier noko om kven ein er som individ og folk.
Fråsegna frå Norges museumsforbund (NMF) sitt årsmøte våren 2024 er framleis like aktuell, og me nyttar høvet til å dela lenka til fråsegnet.